Kyrkjer i Leikanger

Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Leikanger kyrkje
er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1250.
Mange kyrkjer i mellomalderen
Utanom den store steinkyrkja som i dag er soknekyrkje, låg det i mellomalderen tre andre kyrkjer i bygda - på Njøs, Henjum og Hamre. Alle desse var stavkyrkjer. Også på den 100 meter høge knausen Valbrekka vest for Leikanger går det segner om ei kyrkje.
Rike prestar eigde kyrkjene
I 1724 vart sokneprest Ivar Ivarson Leganger eigar av alle kyrkjene i det som den gongen var Leikanger prestegjeld: Leikanger, Fresvik, Feios, Vangsnes og Tjugum kyrkjer, og Mundal kapell i Fjærland.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 03.08.2011