Kyrkjer i Luster

Urnes stavkyrkje er på verdsarvlista til UNESCO. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Luster har kyrkjerekorden
I Luster kommune finst det i alt 11 kyrkjer. Av desse er to kyrkjer frå mellomalderen og tre frå 1600-talet. Ingen kommunar i Sogn og Fjordane har så mange kyrkjer som Luster. Samstundes er fleire av kyrkjene rekna som nasjonale kulturskattar. Dette gjeld særleg Urnes stavkyrkje. Men også den gamle kyrkja i Gaupne med vakre bygningsdelar frå ei eldre stavkyrkje, og steinkyrkja frå 1200-talet på Dale i Luster er mellom dei mest interessante kyrkjene på Vestlandet.
Urnes stavkyrkje
Urnes stavkyrkje er bygd kring 1130. Stavkyrkja ligg vakkert plassert oppe under fjellfoten på Ornes – ein gong tilhaldsstad for mektige stormenn.
Gaupne gamle kyrkje
vart bygd i 1647. Men den rikt utskorne inngangsportalen skriv seg frå ei stavkyrkje frå 1100–talet. Portalen vert rekna som eit av dei mest verdfulle norske treskurdarbeida frå dette hundreåret.

Gaupne gamle kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Gaupne nye kyrkje
vart bygd i 1907. Arkitekt H. J. Sparre. Byggmeister Anders O. Korsvold.

På dette biletet ser vi Gaupne gamle kyrkje til høgre og nyekyrkja heilt til venstre. Foto: Arild Nybø, NRK.
Nes kyrkje
vart bygd i 1836. Arkitekt H. D. F. Lindstow. Byggmeister lensmann Bugge.
Dale kyrkje i Luster
Dale kyrkje er bygd i 1240, og har eitt av dei best bevarte kyrkjeinteriøra i heile landet frå mellomalder og barokk.
Fortun kyrkje
vart bygd i 1879. Arkitekt E. Rusten, byggmeister er ukjent. I Bergen Museum er Fortun-skrinet, det eldste bevarte relikvieskrinet i Noreg.

Stavkyrkja i Fortun slik ho såg ut før flyttinga til Bergen i 1883. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.
Fortun stavkyrkje til Fantoft
Fram til nyekyrkja vart bygd i 1883 sto det ein gamal stavkyrkje i Fortun, bygt 1160–1180. Konsul F. G. Gade nytta mange av dei gamle bygningsdelane då han sette opp ein kopi av ei stavkyrkje på Fantoft ved Bergen.

Hafslo kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Jostedal kyrkje
vart bygd i 1660. Byggmeister Hans Ottesen Rafn.
Solvorn kyrkje
vart bygd i 1883. Arkitekt Waldemar Hansteen. Byggmeister Dr. Wulfsberg.
Hafslo kyrkje
vart bygd i 1878. Arkitekt J. Faye. Byggmeister Carl Askeland.
Fet kyrkje
Fet kyrkje på Indre Hafslo bygt 1894. Ukjend arkitekt. Byggmeister John Alver.
Joranger kyrkje
vart bygd kring 1620. I 1755 truga presten i Luster med å jage både bønder og husmenn frå gard og grunn dersom dei ikkje søkte kyrkja i Gaupne i staden for Joranger.
Veitastrond kapell
vart bygt i 1928 som ein del av skulebygget – sjå: Internatskular og streik kring Veitastrondsvatnet. Arkitekt og byggmeister er ukjende. All utsmykking og inventar er frå byggjeåret og seinare – med unntak av kyrkjeklokka frå 1890 som vart flytta frå den gamle gravplassen i bygda og til kapellet.

Veitastrond kapell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 29.03.2011