Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Naustdal

Naustdal kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal kyrkje

Naustdal kyrkje vart bygd i 1891. Kyrkja er den største i Sunnfjord med 650 sitjeplassar og vert difor kalla ”Sunnfjordkatedralen”.

Steinkyrkje frå 1150

Like ved gardstunet i Naustdal har ein funne spor etter store naust for leidangsskip, og på høgste punktet ved fjorden låg den gamle steinkyrkja som vart bygd ca. 1150.

Naustedøler eigde Kinnakyrkja

Då striden kring vern eller riving av mellomalderkyrkja i Naustdal starta, var gamlekyrkja eigd av fire gardbrukarar på Nedrebø. Privateige av kyrkjebygg var vanleg til langt inn på 1800-talet, og grunnen var at det fylgde inntekter med kyrkjene. Såleis var det også to brør frå Naustdal, Ola Reiakvam og Kristoffer Ullaland, som saman Mads i Langedalen og Johan i Svardalen som i 1842 kjøpte den gamle mellomalderkyrkja på Kinn for 5.000 specidalar. Dei selde kyrkja til Kinn kommune i 1868.

Vevring kyrkje

Vevring kyrkje vart bygd i 1846.

Stavkyrkje i Vevring

I Vevring har det vore kyrkjer sidan 1100-1200-talet. Den første kyrkja var mest truleg ei stavkyrkje og er omtala i Bjørgvin kalvskinn på 1300-talet.

Kyrkjeplanar i Instedalen

Kring 1920 tok folk i øvste Naustedalen opp arbeidet med å få reist eiga kyrkje for Instedalen.

Kapellanbustad i Naustdal

Førde prestegjeld omfatta på 1800-talet fire kyrkjer, og det var langt å reise til Holsen i aust og til Vevring i vest. Difor vart dei to kyrkjene i Naustdal og Vevring teneste med ein residerande kapellan som budde i Naustdal kyrkje. 1860 vart det bygt eigen tenestebustad til kapellanen i Ospeteigen like ved Naustdal. Dette huset vart bruk som bustad for kapellanen fram til 1880 då det vart selt og flytta til Førde. Kapellan Anton Boyson valde då å leige eit hus på Jonstad fram til han flytta frå bygda i 1884. I 1895 vart det bygt ny prestebustad i Naustdal. Her budde m.a. presten Jørgen Huseklepp då han påskedag 1942 saman med 664 andre norske prestar la ned embetet sitt i protest mot nazi-styret. Naustedølene samla inn pengar som løn til presten for resten av krigstida.

Naustdal sentrum med kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal sentrum med kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2010