Samferdsle i Lærdal

Lærdal har vore og er framleis eit knutepunkt mellom aust og vest. Etter at Lærdalstunnelen vart opne og det vart ferjefri veg mellom Oslo og Bergen vart Håbakken fast stoppestad for ekspressbussane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Filefjell - hovudvegen aust-vest
Filefjell er det lågaste fjellpasset mellom Aust- og Vestlandet, og ligg under skoggrensa. Det er mindre verhardt enn andre fjellovergangar. Difor har vegen Lærdal-Filefjell-Valdres gjennom uminnelege tider vore hovudvegen mellom aust og vest.
Turisme og transport vert viktig næring
PÅ slutten av 1800-talet auka talet på utanlandske turistar sterkt, og stadig fleire fekk arbeid med skyssing av dei reisande.
Koksvognene
Det engelske reisebyrået Cooks innførde meir komfortable vogner til hesteskyssane. I Lærdal vart desse vognene kalla koksvogner.

Vegen over Hemsedalsfjellet mellom Hola og Breistølen. Vi ser elva Mørkedøla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vegen over Hemsedalsfjellet
I 1839 vedtok Stortinget å byggje køyreveg over Hemsedalsfjellet.
Jernbaneplanar i Lærdal
Sogningane kravde at jernbana mellom Oslo og Bergen skulle gå om Lærdal, men vann ikkje fram.

Gamal steinkvelvingsbru over Lærdalselvi ved Husum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Bilen gjer sitt inntog
Den 3. september 1901 rulla den første bilen over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane på Filefjell.
Fjellvegen Årdal-Tyin vart turistattraksjon
Då vegen mellom Årdal og Tyin vart opna i 1934 vart det sett i gang med såkalla overlandsturar mellom Lærdalsøyri opg Årdalstangen.
Veg til Erdal og Vindedal
Erdal fekk veg i 1876, medan Vindedal måtte vente i 90 år til.

Fjellvegen mellom Lærdal og Aurland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Fjellvegen Lærdal-Aurland
Fjellvegen Lærdal-Aurland vart bygd i 1967.
Revsnesvegen
For å korte ned ferjestrekninga Lærdal-Kaupanger, vart det i 1966 bygt veg til eit nytt ferjeleie på Revsnes på sørsida av fjorden. Revsnesvegen var svært utsett for snøfonner og steinras, noko som førde til dødsulukker. Ferjeleiet på Revsnes vart lagt ned då ferjesambandet Mannheller-Fodnes vart opna i 1995.
Strendene
Strendene fekk vegutløysing til omverda då riksvegen frå Årdal til Fodnes ferjekai vart opna i 1993, og til kommunesenteret Lærdalsøyri då Fodnestunnelen opna i 1995.

Då riksveg 5 mellom Fodnes og Lærdal vart bygd i 1995 måtte det byggjast ny bru over Lærdalselvi mellom Fodnestunnelen og Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Lærdal-Fodnes
Riksvegen Lærdal-Fodnes med den 6604 meter lange Fodnestunnelen vart opna i 1995.

Ein av dei store og trolsk opplyste hallane inne i verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen på stamvegen Oslo-Bergen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Stamvegen Oslo-Bergen
Etter hard strid mellom vegalternativa over Hardangervidda, Aurland-Hallingdal og Lærdal-Valdres, vedtok Stortinget i 1992 at den framtidige stamvegen mellom Oslo og Bergen skulle gå over Filefjell.
Ferdsla på Lærdalsfjorden
Alt i 1839 vart det starta ei postrute med båt mellom Bergen og Lærdalsøyri, og den første ruta til Fylkesbaatane i 1858 var også mellom Bergen og Lærdal.

Lærdalsøyri var endestasjon for fleire båtruter i den tida ferdsla på fjorden var den viktigaste. Her er tre fylkesbåtar rundt 1900. DS Kommandøren ligg ved kai.
Posten i Lærdal
På grunn av den strategiske plasseringa ved hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet, vart Lærdal mellom dei bygdene i Sogn og Fjordane som midt på 1600-talet kom med i det nyskipa postrutenettet.
Telefon i Lærdal
Lærdalsøyri vart knytt til telegrafnettet alt i 1858, berre tre år etter den føste telegraflina i Noreg vart bygd.
Statens vegmeldingssentral
på Lærdalsøyri vart starta vinteren 1991-1992.
Vegtrafikksentralen
- sjå Statens vegmeldingssentral.

Den ein gong så travle kaia i Habben. I dag er det berre turistferja til Kaupanger og Gudvangen som har anløp her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 19.05.2011