Samferdsle i Leikanger

Hornelen ligg ved kai på Hermansverk ca. 1890. På biletet kan vi lese teksten Parti fra Sjøstrand. Namnet er seinare blitt til Systrond. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Dette biletet er truleg teke kort tid etter at vegen mellom Sogndal og Hermansverk vart opna i 1937. Fotografen hadde sett seg i ein såkalla solskinsbuss og knipsa dette biletet ved Laberg like aust for Hermansverk. Foto: Carl Normann.
Vegar i Leikanger
Leikanger fekk vegutløysing til Sogndal i 1937, etter at det hadde vore reist krav om vegsamband austover sidan 1910. Vegen var i mange år svært rasfarleg, men no er det bygt to tunnelar som gjer vegen langt tryggare.
Ferdsla på fjorden i Leikanger
På Hanehaug i Leikanger var det skysstasjon,truleg frå skyssplikta vart innført i 1648. Hermansverk vart stoppestad for Fylkesbaatane frå skipinga av selskapet i 1858.
Post i Leikanger
Den første rodde postruta på Sognefjorden kom i stand frå Den Trondhjemske Postvei ved Leirvik innover til Frønningen i 1836. Frå 2001 har Leikanger vore utan postkontor, all postteneste i kommunen er overført til butikk.
Telefon i Leikanger
Den første private telegraflina vart bygd mellom Hanehaug på Leikanger og Hermansverk i 1892.

Fylkesveg 55 mellom Leikanger og Hella. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 26.06.2012