Samferdsle i Naustdal

Fylkesveg 611 mellom Naustdal og Vevring. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Høge fjell og bratte hamrar gjorde at Naustdal ikkje fekk vegsamband med Førde før i 1937, og med Florø i 1945. Bygdene kring Vevring måtte vente heilt til slutten av 1950-talet før dei fekk vegsamband med omverda. Fram til då var det Fylkesbaat-rutene som danna hovudnerven mellom bygdene langs Førdefjorden, støtta av ei mengd lokale skyssbåtar.
Gamle driftevegar i Naustdal
Frå gamalt gjekk det drifteveg frå Nordfjord til Sogn over Instedalen i Naustdal.
I korg over elva
Gardane Sundet, Slettemark og Savland på ligg på nordsida av Nausta, og det kunne ofte vere både vanskeleg og farleg å kome seg over til sørsida der hovudvegen og skulen låg.
Ferdsla på fjorden i Naustdal
Heilt frå den offentlege skyssordninga vart innført på 1600-talet var det skysstasjonar i Førde, Naustdal og Tingneset i Vevring.

Frå bygginga av Fossebrua over Naustdalsfossen i 1923. © Fylkesarkivet.
Køyrevegar i Naustdal
Først i 1937 vart vegen mellom Førde og Naustdal opna, og samanhengande veg mellom Førde og Florø i 1945.
Naustdal Automobilselskap
vart skipa av aksjonærar i Instedalen, og starta rutedrift opp Naustedalen i 1928.
Naustdal Billag
- sjå Naustdal Automobilselskap.

Dette skal vere første lastebilen i Naustdal, her ved Fossebrua. Eigar og sjåfør var Magne Reiakvam.
Rutebuss
I dag har Naustdal m.a. rutebussamband med Førde og Florø med Sunnfjord-bussen til Firda Billag.
Jernbaneplanar langs Førdefjorden
På 1920-talet var det planar om jernbane på strekninga Førde-Naustdal-Vevring-Stavang-Eikefjord-Florø.

Opning av Naustdalstunnelen i 1995, frå v. vegdirektør Olav Søfteland, samferdsleminister Kjell Opseth, fylkesmann Oddvar Flæte og fylkesordførar Sjur Hopperstad. Foto frå TV-reportasje: NRK.
Post i Naustdal
Vevring fekk postkontor i 1856, Naustdal i 1860.
Telefon i Naustdal
Naustdal fekk telefonsamband i 1893.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.12.2010