Samferdsle i Solund

I Solund er det samanhengande veg frå Krakhella til Daløy – knytt saman mellom øyane av bruer som Dalesundet bru. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vegar i Solund
Først i 1960 var det samanhengande veg mellom Hardbakke og Krakhella.
Ferdsla på sjøen i Solund
I øyriket Solund er det naturleg at båten opp gjennom historia har vore det viktigaste framkomstmiddelet.

MS ”Nesøy” er på veg ut frå kaia på Buskøy i 1950. Foto: Nils Steinsøy. Eigar: Jenny Steinsøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Post i Solund
Hardbakke fekk det første postopneriet i Solund i 1867.
Telefon i Solund
Telefonen vart ført fram til Kråkevåg i 1910, samstundes med at Dingja på andre sida av Sognefjorden fekk telefon. Kolgrov i Ytre Solund fekk telefon i 1913. Hersvik i Nordsula fekk telefon i 1917.
Båtkanalen på Tangenes
Garden Tangenes ligg ved eit vatn som ligg like ved sjøen. For å gjere det meir praktisk å kome seg til gards skaut gardbrukaren midt på 1800-talet ut ein kanal frå sjøen til vatnet, slik at han kunne ro til tunet. Kanalen var for grunn for større båtar.

Utvær med Utvær fyr. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK
Utvær fyr
vart bygd i 1900 med 31 meters tårn i støypejern. Bifyr i lite jernhus bygd i 1952. Radiofyr installert 1954.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 04.06.2014