Samferdsle i Vik

Det har til tider vore ein kamp å halde Vikafjellsvegen open om vinteren. Dette biletet er frå Skjeringen. Foto: Rolf M. Sørensen.

Slik vart husdyr lasta om bord i båtar før i tida. Dette biletet er frå Framfjorden. Foto: Normann. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Kampen for heilårsveg over Vikafjellet har i mange år vore den sentrale samferdslesaka for folk i Vik. Når vegen over fjellet er stengd og siste ferja for kvelden har gått er kommunen isolert frå omverda.
Gamle ferdsle- og driftevegar i Vik
Frå eldgamle tider var det ferdslevegar mellom Vik og Voss over Vikafjellet.
Køyrevegar i Vik
Les m.a. om det langdryge arbeidet med å få bygd Vikafjellsvegen.
Skysstasjonar i Vik
Det var skysstasjonar på Vikøyri, i Feios og på Vangsnes.
Jernbaneplanane i Vik
I Vik kjempa dei hardt for å få sidebane til Bergensbanen frå Voss til Vik, men kampen vart tapt i 1923.
Rutebilane i Vik
I 1928 starta Leiv Larsen med transportforretning, i 1942 overtok Sogn Billag i Vik.
Ferdsla på fjorden i Vik
Les m.a. om jektesenteret Vangsnes og om at folk måtte betale for å sjå dampbåten i Vik.
Post i Vik
Vik fekk postopneri i 1844 med eige stempel «Viig i Sogn» etter at Vik formannskap i 1839 sende sin første søknad om å få postopneri til bygda. Men postadressa for Vik hadde då i fleire år vore «Flesche», sjølv om postopneriet låg på Vikøyri.
Telefon i Vik
Det private telefonselskapet Vestlandske Telefonkompani bygde telefonline Voss-Vik i 1892. «Vestlandske» hadde i 1889 bygd ei line Voss-Gudvangen , og dreiv telefonstasjonane både i Vik og Gudvangen.

Rundt 1900 var fjorden den einaste ferdselsåra ut av kommunen, og det var grunnen til at Vangsnes høyrde til Balestrand kommune. På biletet ser vi skulen på Vangsnes (bygd i 1862), og skipet på veg inn fjorden er eitt av dei tidlegaste turistskipa på Sognefjorden. Foto: Vik lokalhistoriske arkiv.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 01.06.2012