Skular i Bremanger

Første skulehuset i Davik
Privatskule i prestegarden i Davik
Presten Jakob Andreas Lindemann (sjå: Kjende personar i Bremanger fødde før 1900) dreiv i tre år 1844-1846 ein privat skule for ”betrestilte” jenter i prestegarden i Davik (sjå også: Skular i Leikanger). Skulen dreiv han saman med ektemaken Marie Matrine f. Aastrup, og dei gav undervisning i matstell, husstell og musikk.

Davik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Davik først med fastskule
Davik var første bygda i gamle Davik kommune som fekk innført fastskule i staden for omgangsskule. Det skjedde i 1852. Davik fekk det første skulehuset i 1864. Huset hadde lærarbustad i 2. etasje. Nytt skulehus vart bygt i 1907. Dette bygget vart rive i 1973.

Gamle Kalvåg skule har dei siste åra vore brukt som overnattingssstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Fastskule i Kalvåg
Det første skulehuset i gamle Bremanger kommune vart bygt i Kalvåg i 1863. I skulehuset vart det også halde bibelmøte og konfirmantførebuing, og den første misjonsforeninga i Bremanger - Frøien Kvindeforening - skipa 1865, heldt også møta sine der.

Hauge skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Skulen på Hauge
Første skulehuset på Hauge vart bygt i 1878. Noverande Hauge skule vart bygd i 1959.
Berle skule
vart bygd i 1924, og fekk påbygg i 1956. Skulen fekk gymnastikksal i 1974.

Svelgen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Svelgen skule
vart bygd i 1959. I 2000 vart det bygt barnehage i samband med barneskulen.
Kolset skule
i Rugsund vart bygd i 1985. Gymnastikksalen i bygningen fungerer også som grendahus for bygdene Rugsund og Leirgulen. Folkeboksamlinga får også plass i bygget.

Årebrot skule. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.
På skule i nabokommunen
Botnane skule vart lagd ned i 1976. Då det vart veg til Årebrot i nabokommunen Flora i 1987 vart elevane frå Botnane skyssa dit. Då Flora bystyre vedtok å legge ned denne skulen i 2010 heldt Bremanger kommune fram med å drive skule på Årebrot som ei avdeling under Svelgen skule til 2011. Frå hausten 2011 fekk elevane frå denne delen av Bremanger gå på Florø barneskole. Båtskyssen til Florø er langt kortare enn bussturen til Svelgen.
Davik Arbeidsskule
vart grunnlagd ca. 1900 av Sam. Etterdal. Etterdals skule ambulerte mellom bygdene, og varde 10-12 veker, fram til 2. verdskrig. Etterdal var og lærar ved Davik Praktiske Framhaldsskule.
Realskule i Svelgen
Vinterkurs på realskulenivå vart drive i Svelgen 1928-29 av frk. Wolnich. Fast realskule vart starta i Svelgen i 1943. Siste kull vart uteksaminert i 1972 då ungdomsskulen overtok. Realskulen vart driven i regi av kommunen og Bremanger Smelteverk - sjå Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret. Ungdomsskulebygget i Svelgen vart reist i 1974.
Realskuleklassar på Igland
vart drive 1967-1972 inntil ungdomsskuleordninga kom.
Vidaregåande skule
Frå midt på 1970-talet vart det i nokre år drive vidaregåande skuleklassar i Svelgen – m.a. i elektrofag.

Ålfoten oppvekstsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.10.2011