Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Fjaler

På United World College i Flekke går ungdom frå heile verda på skule. I framgrunnen studentbustader. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På United World College i Flekke går ungdom frå heile verda på skule. I framgrunnen studentbustader. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Få stader i Sogn og Fjordane har ei så fargerik og spanande skulehistorie som Fjaler kommune. På 1800-talet vart det starta både jenteskule, husmorskule, ”bondehøgskule” og pensjonatskule for gutar. Det var folk i det litt forfina overklassemiljøet i Fjaler-bygdene som stod bak desse skulane. Under krigen dreiv Fagerheim-brørne sitt eige ”Sunnfjord Gymnas” i Dale, og sidan 1995 har gåverik ungdom frå heile verda gått på United World College på Haugland.

Frå innviinga av Våge skule i 1927. Skulehuset var i bruk til 1981 og vart rive i 1988. Foto: Abraham Strømmen. ©Fylkesarkivet.

Frå innviinga av Våge skule i 1927. Skulehuset var i bruk til 1981 og vart rive i 1988. Foto: Abraham Strømmen. ©Fylkesarkivet.

Dei første skulane i Fjaler

Den første skuleordninga (skulefundasen) vart innført i 1747.

Nikka Vonens jenteskule

Nikka Vonen starta i 1869 sin eigen pensjonatskule for jenter i Dale saman med enkefru Laura de Ferry Nitter (fødd 1843).

Bondehøgskulen i Dale

1871 starta den unge idealisten Jens Rolvsson frå Bergen ein folkehøgskule for «vaksne bondegutar» i Dale.

Leitet, der systrene Landmark dreiv husmorskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leitet, der systrene Landmark dreiv husmorskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Marie Landmarks husmorskule

Frå 1883 til 1893 dreiv systrene Marie Landmark og Barbara Landmark ein husmorskule på garden Leitet på Tysse. Skulen heldt til i bustadhuset til faren, som var distriktslege Lars Stub Heiberg Landmark. Skulen hadde 8-10 elevar i kvart kull. På same vis som ved Nikka Vonens jenteskule, kom elevane ved Landmarks husmorskule frå heile landet. Dei budde i eit internatbygg like ved hovudhuset.

Falchs Pensjonat- og Middelskole

I 1889 starta prestedottera i Fjaler, Willa Falch ein pensjonatskule for gutar, frå 1908 pensjonatskule både for gutar og jenter, og frå 1918 vart skulen driven som middelskule fram til 1940.

Sunnfjord Gymnas

I 1944 starta brørne Oddleif, Sverre og Magne Fagerheim Sunnfjord Gymnas i Dale, og dreiv det i sju år.

Vevang

I 1950 tok Falchs pensjonat- og realskole i bruk nytt skule- og internatbygg i Dale sentrum - Vevang.

Fjaler ungdomsskule. Foto: NRK

Fjaler ungdomsskule. Foto: NRK

Over til ungdomsskule i Dale

Fjaler kommune innførte linedelt ungdomsskule i 1960, og var nest etter Stryn den første kommunen i fylket som gjekk over til den nye skuleordninga.

Dale vidaregåande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale vidaregåande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale vidaregåande skule

vart starta i 1979 som vidaregåande skule for kommunane i ytre, søre delen av fylket. Det første året var skulen avdeling under Flora vidaregåande skule, men var frå 1980 sjølvstendig. Skulen held til i eige bygg ved Trolleskaret like ved Fjalerhallen og har kring 200 elevar frå HAFS-kommunane (Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund), samt Gaular og Gulen.

Oddleif Fagerheim ville byggje ut villaen sin på Dalsåsen til nordisk folkehøgskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oddleif Fagerheim ville byggje ut villaen sin på Dalsåsen til nordisk folkehøgskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Draumen om ein nordisk folkehøgskule

Skulemannen og Arbeidarparti-poitikaren Oddleif Fagerheim var sterkt oppteken av å styrkje dei kulturelle og politiske banda mellom dei nordiske landa. Straks han vart stortingsmann i 1969, starta han arbeidet med å få skipa ein nordisk folkehøgskule på eigedomen sin på Dalsåsen. I 1973 vart Fjaler kommune trekt inn i arbeidet. Nye lovverk som kom på 1980-talet sette ein bom for skuleprosjektet, og i staden kom Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen i 1998.

United World College - UWC

Engasjementet til sentrale personar i Norges Røde Kors førte til at det i 1987 vart gjort opptak til skiping av den internasjonale skulen Røde Kors Nordisk United World College i Flekke i Fjaler.

Flekke skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flekke skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunale skular i Fjaler i 2002:

*Dingemoen skule (1.-7. klasse) 141 elevar *Flekke skule (1.-7. klasse) 54 elevar *Guddal skule (1.-7. klasse) 11 elevar *Våge skule (1.-10. klasse) 77 elevar *Hellevik skule (1.-3. klasse) 13 elevar *Fjaler ungdomsskule (8.-10. klasse) 100 elevar

Guddal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Guddal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Våge skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Våge skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.10.2010