Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Høyanger

Høyanger skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei første skulane

Den første norske skulelova frå 1739 sette som mål at alle born skulle lære å lese, skrive og rekne. Kyrkjebø sokn vart delt inn i seks krinsar for omgangsskule. Men det var ikkje alltid lett å vere omgangsskulelærar: I 1822 vart ein såkalla skulehaldar avvist på sju bruk kring Vadheim. Ein av dei som nekta å ta imot omgangsskulelærar Anders Asbjørnsen, var bonde Elling E. Ullebø. Både han og dei andre måtte tole ei dugeleg bot fordi …. ”at blot Enfoldighed havde beveget dem til det nu paatalte uoverlagte Skridt”.

Skulen som vart bygd i Lavik i 1965 og som vart avløyst av ny skule i 2001. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulen som vart bygd i Lavik i 1965 og som vart avløyst av ny skule i 2001. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik

fekk fastskule i 1839. Frå 1939 heldt skulen til i leigde lokale på garden Furehaugen. I 1965 vart det bygd ny skule like ved kyrkja, og i 2001 eit heilt nytt skulebygg like ved helsesenteret aust i bygda. I bygdene aust for Lavik var det tidlegare eigne skulekrinsar både på Rå, Ytre Torvund og Indre Torvund, og i Lavikdalen to skulekrinsar. I 1967-1968 vart skulane i Lavikdalen lagde ned og ungane sende til sentralskulen i Lavik. Men i 1980 vart skulen teken opp at i Lavikdalen, der ein då heldt til i samfunnshuset i nedre dalen. Skulen i Lavikdalen vart endeleg lagd ned i 1997.

Dagens Lavik skule. Foto: Jon Mølmesdal.

Dagens Lavik skule. Foto: Jon Mølmesdal.

Indre Torvund

– sjå Lavik.

Ytre Torvund

– sjå Lavik.

Rå – sjå Lavik.

Lavikdalen

– sjå Lavik.

Dette huset vart bygt i 1914 for å gje plass til både skule og kommuneadministrasjon på Kyrkjebø.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette huset vart bygt i 1914 for å gje plass til både skule og kommuneadministrasjon på Kyrkjebø.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kyrkjebø

fekk fastskule i 1867. Skulen vart bygd så stor at den også skulle romme kommuneadministrasjonen. På Kyrkjebø vart det også kjøpt eit jordstykke i tillegg som vart kalla Skulejorda. Den nye skulen på Håland vart bygd i 1970.

Bjordal nye skule på Føsund, bygd i 1989, er i dag den einaste skulen på Høyanger sørside. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjordal nye skule på Føsund, bygd i 1989, er i dag den einaste skulen på Høyanger sørside. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjordal

fekk skulehus i 1893. Eit nytt skulehus på Hest vart bygd i 1927. I åra frå 1914 til 1923 hadde ein nemleg bygd vegar som knytte saman grendene frå Bjordal til Førde, og difor var det naturleg å byggje nyeskulen på garden Hest som låg mest sentralt. Etter hard bygdestrid om den nye sentralskulen for sørsida skulle byggjast på aust- eller vestsida av Føsundet, vart Bjordal nye skule bygd på Føsund i 1989. I dag er dette den einaste skulen på sørsida av fjorden.

Elevar frå Bjordal skule fotograferte i 2005 då dei vann ein konkurranse i NRK Sogn og Fjordane. Foto: NRK.

Elevar frå Bjordal skule fotograferte i 2005 då dei vann ein konkurranse i NRK Sogn og Fjordane. Foto: NRK.

Høyanger med byskuleordning

Før anleggsarbeidet starta, var det kring 20 elevar i skulehuset frå 1898.

Skulehuset i Måren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulehuset i Måren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Måren

fekk fastskule i 1900. Skulen i Måren vart lagd ned i 1973.

Vadheim skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim

fekk fastskule i 1902. Denne skulebygningen vart i 1916 flytta til Berge krins, og det vart bygd ny skule i Vadheim sentrum. Denne vart riven då dagens skulebygning stod ferdig i Instedalen i 1982.

Ortnevik skule, reist i 1953 og nedlagd i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ortnevik skule, reist i 1953 og nedlagd i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ortnevik

fekk fastskule og skulehus i 1904. Den vart avløyst av eit nybygg i 1953. Barneskulen i Ortnevik vart lagd ned i 2006 og borna overførde til Bjordal skule. Dei siste åra før skulen vart nedlagd var det også barnehage i bygningen i Ortnevik. No er det gamle skulehuset overteke av bygda til grendahus.

Norevik

fekk fastskule i 1906. Skulen heldt fram til 1922 til i eit leigd hus, men så kjøpte kommunen huset. Nyeskulen vart bygd i 1987, men lagd ned i 1996. For grendene aust for Norevik var det i si tid også ain Avsnesstrand skulekrins.

Skulehuset i Norevik (huset til venstre) fekk ein kort karriere som lærestad. Det vart bygt i 1987, og skulen vart lagd ned i 1996. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset i Norevik (huset til venstre) fekk ein kort karriere som lærestad. Det vart bygt i 1987, og skulen vart lagd ned i 1996. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Avsnesstrand

- sjå Norevik.

Instevik

(Dyrdal) fekk fastskule i 1913. Då vart den tidlegare skulestova på Kyrkjebø flytta til Instevik.

Berge

fekk fastskule i 1916. – Sjå elles Vadheim. Skulen på Berge vart lagd ned i 1970.

Søreide

fekk skulehus i 1920. Søreide skule vart lagt ned i 1989 då sentralskulen på Føsund stod ferdig. Gamleskulen fekk folket i Søreide krins nytte som grendahus.

Ikjefjord

Det er uvisst kva årstal Ikjefjord fekk fastskule, men skulehuset som står der i dag vart bygd i 1953. Skulen i Ikjefjord vart lagd ned i 2004, men bygget vart nytta til barnehage fram til 2006.

Ikjefjord skule. Skulehuset vart bygt i 1953, skulen vart lagd ned i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ikjefjord skule. Skulehuset vart bygt i 1953, skulen vart lagd ned i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Målforma i skulen i Høyanger

Frå 1891 starta arbeidet med innføring av nynorske lærebøker i skulen i Kyrkjebø kommune.

Første barnehagen i fylket

Den første barnehage i Sogn og Fjordane vart starta i Høyanger like etter 2. verdskrig

Vidaregåande skular i Høyanger

Den første skulen ut over grunnskulenivå i det som i dag er Høyanger kommune var ein folkehøgskule i Vadheim med namnet Ytre Sogn Folkehøgskule, skipa i 1920. I dag er Høyanger vidaregåande skule den einaste vidaregåande skulen.

Ungdomsskule med elevinternat

vart innført i Høyanger i 1966. Det nye skulesenteret i Høyanger vart teke i bruk i 1976.

Skuleelevar i Høyanger, truleg på 1920-talet.

Skuleelevar i Høyanger, truleg på 1920-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011