Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Vik

Skuleelevar i Fresvik på bading i Holestrondi siste skuledagen før sommarferien i 1963. Ukjend fotograf. Eigar: Kirsten Bøtun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skuleelevar i Fresvik på bading i Holestrondi siste skuledagen før sommarferien i 1963. Ukjend fotograf. Eigar: Kirsten Bøtun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik var mellom dei første i landet som fekk såkalla fastskule. Høgdepunktet i skulesoga i Vik var nok dei vel 20 åra då bygda hadde sin eigen vidaregåande skule, frå 1976 til 1997. Elles har Vik husa både ein skule for ”konfirmerede bondegutter” og ein eigen gamalostskule.

Første skulehuset i landet i Vik?

Vik var ein av dei første stadane i Noreg fekk fastskule. Det skjedde i 1741, berre to år etter at den første lova om den norske ålmenskulen kom.

Gamleskulen på Vangsnes. © Fylkesarkivet.

Gamleskulen på Vangsnes. © Fylkesarkivet.

Vangsnes

fekk skulehus svært tidleg - i 1862. Dette vart gjort etter opptak frå sokneprest Harald Ulrik Sverdrup i Balestrand kommune. Vangsnes høyrde på den tida til Balestrand kommune. Vangsnes skule og grendahus vart teke i bruk i 1986, og Vangsnes vart på nytt eigen skulekrins, etter å ha vore under Vik sidan kommunereguleringa i 1964.

Fresvik skule. Foto: Cosmin Cosma, NRK

Fresvik skule. Foto: Cosmin Cosma, NRK

Fresvik

fekk fastskule i 1863. Det første skulehuset i bygda vart bygt i Bjørnetun.

Feios skule med utsyn mot Hermansverk på andre sida av Sognefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Feios skule med utsyn mot Hermansverk på andre sida av Sognefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Feios

Feios vart i 1860 delt inn i tre skulekrinsar: Fedje, Dale og Berdal. Den første fastskulen vart bygt i Berdal i 1863. I 1879 vart skulehuset flytta til Helleland, der det framleis står i si opphavelege form. Huset vart brukt som skulehus fram til 1962, då borna i krinsen vart overførde til Fedje skule.

Gamleskulen på Nese i Arnafjord. Her skapte kristendom på nynorsk rabalder. Ukjend fotograf. Eigar: Harald Olavson Nese/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gamleskulen på Nese i Arnafjord. Her skapte kristendom på nynorsk rabalder. Ukjend fotograf. Eigar: Harald Olavson Nese/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Framfjorden

I Framfjorden vart det bygt ny barneskule i 1966, men elevtalet gjekk mykje tilbake, og var nede på åtte elevar i 2001. Frå 2000 har ein del av skulehuset der vorte nytta til barnehage, bibliotek, kontor for Arnafjord Bygdeutvikling og for vaksenopplæring for framandspråklege elevar.

Skole for konfirmerede Bondegutter

I 1866 ytte Viig Sparebank pengar til ein «videregaaende skole for konfirmerede bondegutter». Her slapp dei «konfirmerede bondegutter» å betale skulepengar, og den vart difor kalla «friskulen».

Vik Fortsættelsesskole

- sjå Skole for konfirmerede Bondegutter.

Kroppsøving ved Seljedalen skule rundt 1940. Læraren, Anders O. Brekke, syter for at elevane tøyer godt. Ukjend fotograf. Eigar: Åsa Brekke/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kroppsøving ved Seljedalen skule rundt 1940. Læraren, Anders O. Brekke, syter for at elevane tøyer godt. Ukjend fotograf. Eigar: Åsa Brekke/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skule i veglause grender

Dei veglause gardane gjorde at mange skuleborn måtte bu heimanfrå. På Vangsnes vart det bygd skulehus svært tidleg - i 1862.

Gamalostskulen

I 1909 starta bondekona Brita Ligtvor frå Vik undervisning i produksjon av gamalost.

Vik realskule

vart starta som privatskule i 1947.

Elevane ved Flatbygdi skule i 1959. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevane ved Flatbygdi skule i 1959. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ni-årig ungdomsskule i Vik

Vik var ein av dei første kommunane i landet som innførte ni-årig skule.

Vik vidaregåande skule

Vik vidaregåande skule vart starta i 1976 i samband med den store fylkesplanen for desentralisering av det vidaregåande skuleverket. Vik vidaregåande skule hadde på det meste kring 50 elevar. Etter mange års kamp vart skulen lagt ned i 1997.

I denne bygningen heldt Vik vidaregåande skule til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen heldt Vik vidaregåande skule til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunale skular i Vik i 2003:

  • Flatbygdi skule (1.-10. klasse) 296 elevar
  • Valsvik skule, Arnafjord (1.-7. klasse) 7 elevar
  • Vangsnes skule (1.-4. klasse) 20 elevar
  • Feios skule (1.-10. klasse) 28 elevar
  • Fresvik skule (1.-10. klasse) 32 elevar

Flatbygdi skule med idrettshallen Blixhalli til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK

Flatbygdi skule med idrettshallen Blixhalli til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011