Hopp til innhold
X
Innhald

Den Norske Israelsmisjon

Nettsida til Den Norske Israelsmisjon.

Nettsida til Den Norske Israelsmisjon.

Den Norske Israelmisjon vart skipa i Stavanger i 1844 for å drive forkynning mellom jødane.

Før 2. verdskrig arbeidde Isrealsmisjonen mest mellom jødar i Romania og Ungarn. I Israel starta Israelsmisjonen verksemda i 1949. I 1999 talde Isrealsmisjonen 220 lokallag.

Israelsmisjonen fekk si store blømingstid i åra etter 2. verdskrig, og i denne perioden vart det også skipa ei mengd lag i Sogn og Fjordane. Magnus Grimeland i Førde var ei drivande kraft i arbeidet for å få skipa eit eige krinslag for fylket for Israelsmisjonen.

Fylkeskrinsen har felles administrasjon med Bergen krins. Dei siste tiåra har talet på medlemer og lag i Sogn og Fjordane som elles i landet gått sterkt ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015