Hopp til innhold
X
Innhald

Finnemisjonen

Šuoššjávri fjellkirke er bygd av samemisjonen. Foto: Elvi Rosita Norvang, NRK.

Šuoššjávri fjellkirke er bygd av samemisjonen. Foto: Elvi Rosita Norvang, NRK.

Finnemisjonen vart skipa i 1888 og Finnemisjonsforbundet i 1910 for å drive misjonsarbeid og sosialt arbeid mellom samefolket i Nord-Noreg.

I 1925 vart dei to laga slegne saman til Norges Samemisjon. Laget driv fleire helse- og sosialinstitusjonar og eigen folkehøgskule, forlag og nærradio, og har fått bygd i alt seks fjellkyrkjer. Norges Samemisjon har kring 500 lokalforeningar (1999), har hovudkontor i Trondheim og gjev ut bladet Samenes Venn.

Lokallaga i Sogn og Fjordane høyrer inn under Vestlands-krinsen med kontor i Bergen. Samemisjonen på Vestlandet hadde sine beste arbeidsår i åra frå 1960 til 1980, og særleg på Stadlandet, Sandane, Holsen og på Hafslo har det vore svært aktive samemisjonsforeningar. Sidan 1980-talet har talet på lokalforeningar i Sogn og Fjordane gått sterkt tilbake.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015