Frelsesarméen

Stabben fyr. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

The Salvation Army vart skipa av ekteparet Catherine og William Booth i London i 1878. I 2004 hadde Frelsesarméen to millionar medlemer og verksemd i 109 land. Organisasjonen kom til Noreg i 1888.
Frelsesarméen vart tidlegare også omtala som «salvasjonistane». I Sogn og Fjordane har Frelsesarméen avdelingar og eigne hus i Måløy, Florø, Vik og Sogndal. Tidlegare (1930) er det også nemnt at dei hadde avdeling i Høyanger.
– Les om Frelsesarmé-misjonærane Sigvart Høines og systrene Malene Berge og Petra Honnef f. Berge frå Stårheim.
- Les elles om Sjur Ulness fødd 1886 og hans frikyrkje i Sogndal og Vik.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 09.02.2015