Hopp til innhold
X
Innhald

Jehovas vitne i Sogn og Fjordane

Rikets Sal er forsamlingshuset til Jehovas vitner i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rikets Sal er forsamlingshuset til Jehovas vitne i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Sogn og Fjordane tel Jehovas vitne fire menigheiter; i Måløy, Florø, Førde og Sogndal med til saman kring 150 medlemer (2005). Den største menigheita er Førde med kring 60 medlemer. Rikets Sal i Halbrendslia i Førde vart bygd på dugnad, fiks ferdig og innflyttingsklart, i løpet av tre døgn i 1991! Det same hende då 160 Jehovas vitne-medlemer frå heile landet bygde nytt menigheitshus i Brandsøy i Flora kommune på tre dagar i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.04.2019