Hopp til innhold
X
Innhald

Pinsevenene

Forsamlingshuset Filadelfia på Leikanger på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forsamlingshuset Filadelfia på Leikanger på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pinserørsla har røter i ei gruppe som skilde seg ut frå metodistkyrkja i USA kring 1901 og som kalla seg Holiness Movement. Th. B. Barrats fekk skipa ei norsk avdeling i 1906.

Pinsevenene er kjende for ei konservativ bibeltolking, tru på lekjing ved handspåleggjing og bøn, vaksendåp, og for tungetale på møta sine. I Noreg har pinsevenene (1998) kring 44.000 medlemmer i 280 menigheter. I 1960 braut Åge Samuelsen med pinsevenene og skipa «Vekkeropet Maran Ata». Frå 1970-talet har Aril Edvardsen bygd ut Troens Bevis med senter i Kvinesdal som ei sjølvstendig grein av norsk pinserørsle.

I Sogn og Fjordane har pinsevenene menigheter med eigne hus på Stadlandet (Filadelfia), i Stryn (Filadelfia), Sandane (Sion), Førde (Evangeliehuset), Florø (Filadelfia), Luster (Sion), og den siste tilveksten er ei menighet i Årdal.

Pinsemenighetene i fylket varierer i storleik frå 13 til 75 medlemmer – dei fleste med over 50 medlemar. Berre Florø har fast menighetsforstandar. Elles vert menighetene leia av eit «eldsteråd» og ein person som vert kalla «leiande eldste». Leiarskapet har inntil nyleg vore mannsdominert.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015