Hopp til innhold
X
Innhald

Separatistane på Nesjane i Gloppen

I dei einbølte grendene kring Hyefjorden og på Hestenesøyra oppsto det kring 1760 ei pietistisk, religiøs gruppe som skilde lag med kyrkja.

Dette kan truleg ha sin grunn i at den harde presten Gabriel Heiberg (Gloppen) (1708–1768) var prest i Gloppen på den tida. Sidan folket i desse grendene dreiv mykje jektefart til Bergen, er det grunn til å tru at dei hadde samband til ei gruppe «lesarar» kring Bergen som vart kalla Broderlyden som vart leia av ein mann som gjekk under namnet Fargar-Petter.

Biskop Fredrik Arentz fortel i 1765 at gruppa i Nesjane talde 23 personar, og hadde vist «separatistisk Sind og Foragt for den ordentlige Altergang». Også amtmann Joachim de Knagenhielm blanda seg bort i saka og tok folk inn til avhøyr i 1764, men overlét til biskopen å reagere. Biskop Arentz tok gruppa til avhøyr på prestegarden i Gloppen, men forstod at dei ikkje let «sig bringe til Rette». Han vart også imponert over bibelkunnskap og gudsfrykt i flokken.

Prosessen mot separatistane i Nesjane let til å døy ut etter dette, utan at det vart reist rettssak.

Haugianarane

Det er mykje som peikar ut ei bein line frå denne religiøse gruppa kring 1760, og til haugianarane kring Jon Jonsen Hyenes – Skule-Jo – omlag 80 år seinare. Hans Nielsen Hauge vitja tilhengjarar i bygdene kring Hyefjorden minst tre gonger, første gongen i 1799. Reiseruta til Hauge i 1799 frå Bergen til Trondheim gjekk truleg via venene på Svanøy (sjå Haugianarane på Svanøy), over Svarthumle, Ramsdalsheia til Gamlestølen i Eimhjellen i Vestre Hyen, der han heldt møte. Han reiste vidare til Aa nede ved Hyefjorden og heldt møte der. Her rekrutterte han Christian Simonsen Aa (Ausevik) som den første nordfjordingen som vart reisepredikant for rørsla. Han fekk tilnamnet Nordfjord-haugianaren.

På ei ferd i 1802 heldt han møte hos Ola Jonson Seime (Hyenes) i Hyeneset, som hadde vore med i separatist-flokken tidlegare.

- Om striden kring Skule-Jo – sjå Jørgen Meier Heffermehl.

Strid om skuleånda

Den lågkyrkjelege verksemda har vore eit særdrag for bygdene kring Gloppefjorden heilt til nyare tid. Dette fekk m.a. utslag i striden kring Jakob Hjelmeset sin «friskule» i 1875, lærar Elias Melvær ved amtskulen i 1886, og «mottrekket» med den kristelege folkehøgskulen på Vereide i 1923 etter at m.a. dei frilynde ungdomslaga hadde fått skipa Firda Gymnas i 1922.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015