Hopp til innhold
X
Innhald

Smiths Venner

Johan Oscar Smith.

Johan Oscar Smith.

Smiths Venner er ei frikyrkjeleg rørsle som vart grunnlagt i 1898 av Johan Oscar Smith (1871–1943) frå Horten.

Det offisielle namnet er Den Kristelige menighet. I USA og Canada heiter rørsla Brunstad Christian Church fordi rørsla driv eit stort leir- og kongressenter på Brunstad gard i Stokke i Vestfold. Rørsla praktiserer vaksendåp og har ikkje faste prestar eller forstandarar. Smiths Venner er motstandarar av familieplanlegging og er kjenneteikna av særs barnerike familiar. Kvinnene har gjerne langt, fletta hår og nyttar lange skjørt og hovudplagg under gudstenesta.

I Sogn og Fjordane har Smiths Venner hatt eiga menigheit i Måløy heilt sidan 1914, då den vart skipa av Johan Oscar Smith sjølv. Han var marineoffiser av yrke, og under hamneopphald langs norskekysten nytta han høvet til forkynning og grunnlegging av nye menigheiter.

Menigheita i Måløy tel kring 100 medlemer og er den einaste i Sogn og Fjordane, men har medlemer frå andre bygder i fylket heilt frå Askvoll og Holmedal.

Smiths Venner har eigne møtelokale i Måløy. I 1988 kjøpte rørsla ein gard i Rimstaddalen i Vågsøy, der det vart bygt møtelokale og leirstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015