Hopp til innhold
X
Innhald

Ålhus kyrkje

Ålhus kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ålhus kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Noverande kyrkje på Ålhus er frå 1795, men Ålhus har vore kyrkjestad heilt sidan tidleg mellomalder. Byggmeister for den enkle, men stilreine Ålhus-kyrkja var Gunder Gregorius Støfringshaug. Altartavla frå 1691 er sentralmotivet ein Rubens-kopi, og var ei gåve frå fenrik O.C.Bugge og Barbra Bugge. Dei same har også gjeve dei to altarstakane i raudmåla tre, daterte 1691. Kyrkja har elles to messinglysestakar frå 1707. Preikestolen er frå 1640 og vart dekormåla i 1703.

Døypefont i kleberstein

Døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen. Også altaret med klebersteinsplate er frå mellomalderen og teke vare på frå ei tidlegare kyrkje som stod på Ålhus. Dåpsfatet i kyrkja er frå før 1641. Kyrkja har to votivskip – d.e. modellar av orlogsskip - som er hengde opp under kyrkjetaket. Begge skipsmodellane er frå før 1714 og vart gjevne til kyrkja av Claus Fischer. Ein lensmannsstol med renessansedekor er frå kring 1620 , ei ornamentkiste til altarklede og lys er datert 1653, og to måleri – det eine viser krossfestinga og det andre viser kong Christian IV si openberring på Rosenborg slott - er frå før 1714. To kyrkjeklokker heng i tårnet, den eine er frå 1600- og ei er frå 1800-talet. Ein kopi av Nikolai Astrups måleri ”Getsemane” heng i kyrkja.

Stavkyrkje på Ålhus

Den første kyrkja på Ålhus var ei stavkyrkje frå 1100-1200-talet som første gong er omtala i Bjørgvin Kalvskinn på 1300-talet. På 1600-talet fekk denne kyrkja eit tilbygg med våpenhus. Utover på 1600-talet kom kyrkja til forfalls. I 166o vart tårnet reparert , og det vart sett inn nye benkar. Kring 1700 fekk kyrkja 16 nye vindauge. Tilbygget av tømmer vart ståande att då kyrkja vart riven i 1795 for å gje plass til den kyrkja som står på Ålhus i dag.

Kyrkjekunst på muséum

Frå den gamle kyrkja på Ålhus finn vi att to glasmåleri frå 1759 på Bergen Muséum. På Sunnfjord Muséum finst eit anna glasmåleri frå 1695 og ein bronse lysestake frå kring 1500. Frå det gamle kyrkjeutstyret finst også ein relikviekross i forgylt sølv, prydd med ein støypt Kristus-figur. Denne krossen er teken vare på i muséum i Oslo.

Ålhus med kyrkja ca. 1900. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet.

Ålhus med kyrkja ca. 1900. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet.

Gamal dør frå Auduns borg?

I våpenhuset står ei gamal kyrkjedør med svært forsseggjorde og vakre smijernsbeslag. Segna vil ha det til at døra stammar frå baron Audun Hugleikson si borg på Ålhus, men det mest sannsynlege er nok at døra har stått i ei tidlegare kyrkje i bygda. Gamle kyrkjedørar vart anten ombygde eller tekne bort frå gamle, norske kyrkjer etter ein branntragedie i Grue kyrkje på Austlandet i 1882 då 116 menneske strauk med fordi kyrkjedøra rei innover og kyrkjelyden ikkje slapp ut. Etter denne tragedien kom det pålegg om at alle norske kyrkjehus skulle ombyggjast slik at kyrkjedørene rei ut. På dei fleste norske stavkyrkjer – m.a. dei i Sogn, kan ein sjå at kyrkjedørene er ombygde frå inn- til utsving. På kyrkjedørar som var avrunda oppe, saga ein gjerne av den avrunda, øvre delen for å gjere ombygging av dørkarmane enklare. Dette ser ein tydelege merke etter m.a. på stavkyrkjene i Borgund, Urnes og Hopperstad, og på kyrkjedører som er tekne vare på ved Sogn Folkemuséum. Kunstmålar Nikolai Astrup ligg gravlagd ved kyrkja på Ålhus, og minnestein over kunstnaren står ved det gamle prestegardshuset like ved.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2010