Hopp til innhold
X
Innhald

Årdal kyrkje

Årdal kyrkje på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal kyrkje på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal kyrkje på Årdalstangen vart bygd i 1867. Arkitekt var Christian Brodtkorp Christie, som også teikna kyrkjene i Lærdal, Borgund, Sogndal og Holmedal. Byggmeister var Aghte og Gade. Altartavle er frå 1935 og altaret frå 1947, relieffarbeid av Dagfinn Werenskiold. Ei lysekrune er frå 1702. Inventar og utstyr elles er frå byggjeåret eller seinare.

Altartavla i kyrkja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Altartavla i kyrkja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dagfinnsteinen

er ein to meter høg stein som står reist like ved Årdal kyrkje. Den har runeskrift som fortel at den er reist til minne om presten Dagfinn.

Lærdalspresten hadde gard og skog i Årdal

Årdal høyrde fram til 1863 til Lærdals prestegjeld, og presten i Lærdal hadde eigen prestegard i Årdal. Ein stor skogteig i Offerdal høyrde også til presten som budde på Tønjum i Lærdal. På 1600-talet vert det fortalt at presten dreiv eige sagbruk i Indre Offerdal, og at han hadde drive rovhogst med sterk uthogging av skogen der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2011