Hopp til innhold
X
Innhald

Arnafjord kyrkje

Arnafjord kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arnafjord kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Toppen av prosesjonsstaven frå Arnafjord som er på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Toppen av prosesjonsstaven frå Arnafjord som er på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Arnafjord kyrkje vart bygd i 1880. Arkitekt var Johannes Gjertsen, Sogndal og byggmeister Anders Korsvold.

Altartavla frå 1907 er laga av Eivind Nilsen. To trearma altarlysestakar frå 1696, altarkalk frå 1645. Skåp frå 1600-talet, bygd av materialar frå eldre preikestol frå Nese kyrkje. Lysekrune frå ca. 1645, to måleri frå 1690-talet. Øvrig utstyr er frå byggjeåret eller seinare.

Stavkyrkje i Framfjorden

På Flete i Framfjorden (sidearm av Arnafjorden) stod ei stavkyrkje i tida ca. 1300-talet til 1645. I 1645 vart det bygd kyrkje på Nese, som vart avløyst av noverande kyrkje i 1880. I Bergen Museum finst eit dørbeslag frå 1100-talet og ein prosesjonsstav frå 1250-1300 frå tidlegare kyrkjer. På Norsk Folkemuseum ei altartavle frå ca. 1620. På Sogn Folkemuseum er eit altarbord i stein frå tidlegare Flete kyrkje, og ein lysestake.

Arnafjord kyrkje tidleg på 1900-talet. Foto © Fylkesarkivet.

Arnafjord kyrkje tidleg på 1900-talet. Foto © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.06.2011