Hopp til innhold
X
Innhald

Brekke kyrkje

Brekke kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brekke kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altarskåp frå Brekke kyrkje på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Altarskåp frå Brekke kyrkje på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Brekke kyrkje bygt 1862. Arkitekt Christian Henrik Grosch (1801-1865). Byggmeister Anders Basteson Isdal, Nordhordland.

Altartavle frå 1862 måla av Anders Askevold.

Altarskåp frå 1480 med bibelske motiv og Maria med barnet-skulptur er på Bergen Museum. På garden Haugland stod det i mellomalderen ei stavkyrkje, først nemnt i 1327. I 1590 vart kyrkja flytta til Ytre Brekke.

Gamal kyrkjetomt

I 1686 er ei kyrkje omtala som ei tømra kyrkje som truleg låg der dagens Brekke-kyrkje er bygt. I 1825 vart Brekke kyrkje selt til major Even Kraft. Under golvet i Brekke kyrkje hadde offisersfamilien Holck eige gravkammer (sjå Holck under: Overklassen budde i Hyllestad).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.08.2010