Hopp til innhold
X
Innhald

Bygstad kyrkje

Bygstad kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygstad kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens kyrkje i Bygstad stod opphaveleg på garden Bygstad, der det tidlegare hadde stått ei stavkyrkje frå 1200-talet. Arkitektar var H.D.F. von Linstow og K.W. Esswendrop. Bygstad kyrkje vart bygd i 1845, og mykje av materialane og innbuet frå gamlekyrkja vart nytta opp att. Altartavla og preikestolen er frå 1620, to altarlysestakar frå 1600-talet og ein toarma lysestake frå 1500-talet. Eit måleri som heng over koropninga, er frå ca. 1600 og er måla med bilete på begge sider. Anna utstyr i kyrkja er frå byggjeåret eller seinare.

Messehakelen frå Bygstad kyrkje heng på museum i Bergen. Foto: Bergen Museum.

Messehakelen frå Bygstad kyrkje heng på museum i Bergen. Foto: Bergen Museum.

I Bergen Muséum finst messehakel m.a. med broderte helgenbilete frå 1400-talet, ein døypefont frå mellomalderen og eit lok til røykelseskar frå ca. 1200-talet, omgjort til lysestake ca. 1600-1700-talet.

Kyrkjeflytting og bygdestrid

Regn og lekkasjar tok etter kvart til å syne på kyrkja frå 1845, og den var skeiv. I 1916 vart det starta innsamling til ny kyrkje. No ville bygstadfolket ha ei større kyrkje som likna på dei i Førde og Naustdal. Til og med ei steinkyrkje vart lansert. Men Riksantikvaren meinte det fekk halde å flytte den gamle kyrkja og gje den eit tilbygg, noko som soknestyret sette seg tvert imot. Bygdefolket starta på nytt innsamling av pengar til ei ny kyrkje. Striden var så kvass at soknepresten måtte gå imellom: På eit folkemøte som han skipa til i 1938, støtta han planen til Riksatikvaren om å rive kyrkja og flytte den til Melluplassen under garden Eide. Han fekk 121 i møtelyden med seg, 79 røysta imot. I 1939 vart så Bygstad-kyrkja frå 1845 riven og flytta til Eide. Den gamle kyrkjegarden med restane etter kyrkjemuren på Bygstad gard er verna som kulturminne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2012