Hopp til innhold
X
Innhald

Dale kyrkje i Luster

Dale kyrkje i Luster. Foto: Merete Høidal Husmo, NRK.

Dale kyrkje i Luster. Foto: Merete Høidal Husmo, NRK.

Dale kyrkje er bygt i 1240 og har eitt av dei best bevarte kyrkjeinteriøra i heile landet frå mellomalder og barokk.

Klebersteinsarbeidet i den gamle inngangsportalen, i vindauge og i portalen på vestsida er noko av det ypparste i norsk steinkunst frå mellomalderen. Ein reknar difor som sannsynleg at det kan ha vore utanlandske handverkarar som har bygt kyrkja.

Preikestolen frå 1633. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Preikestolen frå 1633. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Klebersteinportalen i Dale kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Klebersteinportalen i Dale kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fleire detaljar i steinkunsten har slektskap med det ein finn på Magnus-katedralen på Orknøyane. Klebersteinen er truleg henta frå eit steinbrot ved Hafslo. Fleire stader i kyrkja er det rissa inn runer. Kyrkja er vigsla til St. Nikolaus, helgenen som gav opphavet til den moderne St. Nikolas – julenissen.

Dale-kyrkja fekk tilbygt våpenhus i tre med dekorert takhimling på 1600-talet, og hadde då eit tårn plassert midt på mønet.

Veggmåleri med himmelstige som motiv. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Veggmåleri med himmelstige som motiv. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Også taket i kyrkja er rikt dekorert. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Også taket i kyrkja er rikt dekorert. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tre lag veggmåleri

I 1898 oppdaga ein gamle kalkmåleri under nyare kalk i kyrkja, og ved ei restaurering kring 1950 avdekka ein i alt tre ulike lag med veggmåleri frå golv til tak i heile koret; eitt lag frå 1300-talet, eitt frå 1500-talet og eitt frå 1600-talet.

Brurebenken med drakehovud. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Brurebenken med drakehovud. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Etter nøye registering av ein dekor frå 1600-talet, avdekte myrkjemålaren Ola Sæter eit biletlag frå 1500-talet. Her er m.a. bilete av David og Goliat, St. Georgs kamp mot dragen, heilage menn og djevlar i rikt monn, og andre meir verdslege motiv. Eit av motiva kan minne om eit lystig fylgje på veg heim frå ein rangel!

Brurebenk med drakehovud

Altartavla i kyrkja er frå 1708, er fem meter høg og truleg laga av Jørgen Christopher Schauer (d. 1752). Antependium (altarklede) med brodert monogram frå 1675. To altarlysestakar frå 1633. Preikestol frå 1633. Døypefont i kleberstein frå mellomalderen er flytta frå gamle Nes kyrkje. Krusifiks frå 1200-1250, brurebenk med drakehovud frå ca. 1650 og andre stolar frå 1600-talet står i koret. Nattverdsutstyr frå 1802 og seinare.

I kyrkjeskipet heng fleire epitafier – dvs. minnetavler - over prestefamiliane til Andreas Lauritzøn frå 1630, Søffren Lauritzøn frå 1654 og Stevelin Reutz frå 1682.

Votivskipet frå 1600-talet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Votivskipet frå 1600-talet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Votivskip – dvs. modell av eit krigsskip hengt opp under kyrkjetaket - er frå 1600-talet.

«Fuglabur» for stasfruer

Eit pulpitur – dvs. eit privat galleri eller «kyrkjestol» med gitter føre - er frå 1699 og vart bygt for den fornemme familien til oberstløytnant von Krogh - sjå: Embetsgarden Flahamar. På folkemunne vart dette pulpituret kalla «Fuglaburet» fordi ålmugen nede i kyrkja berre såg hattefjøra til statsfruene som sat i «buret» oppe på veggen.

Det private galleriet -

Det private galleriet -

Gravkammer og løynd gang

I ein krypt under kyrkja ligg kring 60 store og små kister frå 1700-talet. Her vart folk frå presteskap og overklasse i Luster balsamerte og gravlagde.

Etter segna skal det gå ein løynd gang mellom kyrkjekoret og den gamle prestebustaden like ved kyrkja.

Epitafium for presten Stevelin Reutz og familien hans. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Epitafium for presten Stevelin Reutz og familien hans. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gravkammeret under Dale kyrkje. Kyrkjegolvet er her fjerna i samband med restaurering. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gravkammeret under Dale kyrkje. Kyrkjegolvet er her fjerna i samband med restaurering. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Historiske skattar på museum

I tillegg dei kunstskattane som Dale kyrkje rommar der ho står, finst det på Bergen Museum to altarfrontalar (altarmåleri) - det eine frå kring 1300, og det andre frå kring 1350, treskulptur av St. Olav frå 1275, kapitélfigur i tre (kapitél er topp på ei søyle) frå 1200-talet og lysestake frå mellomalderen.

Denne treskulpturen av Olav den heilage er frå Dale kyrkje, men er teken vare på av Bergen Muséum. Foto: Svein Skare © Bergen Muséum.

Denne treskulpturen av Olav den heilage er frå Dale kyrkje, men er teken vare på av Bergen Muséum. Foto: Svein Skare © Bergen Muséum.

Også vindaugene i Dale kyrkje er kunstverk i seg sjølv. Her er døme på glasmåleria. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Også vindaugene i Dale kyrkje er kunstverk i seg sjølv. Her er døme på glasmåleria. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum finst kyrkjedør, dørlås med nøkkel frå mellomalderen og ein del kyrkjebenkdører og korskiljedørar frå kring 1700.

Ved Dale-kyrkja hadde folket frå Jostedalen frå gamalt av rett til eit hestebeite, og det vart hevda av almenningen ved kyrkja høyrde til Jostedalen. Dette har det sidan vore mykje strid om.

Epitafium og krusifiks. Foto: Merete Høidal Husmo, NRK.

Epitafium og krusifiks. Foto: Merete Høidal Husmo, NRK.

Dale kyrkje sett frå fjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dale kyrkje sett frå fjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hovudhuset på prestegarden Dale. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hovudhuset på prestegarden Dale. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2011