Hopp til innhold
X
Innhald

Dale kyrkje

Dale kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale kyrkje vart bygd i 1864. Arkitekten er ukjend. Byggmeister var J. A. Øvsthus, Hosanger.

Altartavle frå 1863 er måla av Anders Askevold, gjeven av handelsmann Wilken Nitter.

Altartavle frå 1620 heng i kyrkja. Preikestolen er frå byggjeåret 1864. Døypefont i kleberstein er frå mellomalderen, dåpsfat frå 1787, dåpsmugge frå same tid. Kyrkjeklokkene er frå 1594 og 1850.

Dale kyrkje på 1870-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.

Dale kyrkje på 1870-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.

Stavkyrkje i mellomalderen

Stavkyrkje i mellomalderen

I Dale stod det i mellomalderen ei stavkyrkje som vart riven i 1593 for å gje plass til ei kyrkje som vart ståande til 1864, då den i sin tur vart riven for å gje plass til noverande kyrkje. Frå dei gamle kyrkjene er ei kyrkjedør frå mellomalderen teken vare på ved Bergen Museum. Det same er ein preikestol frå 1620, og ein messehakel frå 1650 finst på Kunstindustrimuseet i Oslo. Bygningsrestar etter kyrkja frå 1593 er elles brukte i eit særmerkt hus i Borgen (sjå: Med fjøla imellom i Borgen) ved elveosen i Dale.

Bjerga vart prestebustad

Fram til 1755 budde presten i Dalsfjorden i Holmedal, medan kapellanen budde på garden Bjerga i Dale. Frå 1755 tok soknepresten i bruk Bjerga som bustad.

Frå stova i prestebustaden på Bjerga i 1905. Frå v. sokneprest Edvard Michelsen, døtrene Haldis og Henriette, ein ukjend, Helene Zisler Michelsen, Andreas Faleide og Laura Michelsen. Ukjend fotograf © Fylkesarkivet.

Frå stova i prestebustaden på Bjerga i 1905. Frå v. sokneprest Edvard Michelsen, døtrene Haldis og Henriette, ein ukjend, Helene Zisler Michelsen, Andreas Faleide og Laura Michelsen. Ukjend fotograf © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013