Hopp til innhold
X
Innhald

Eid kyrkje

Eid kyrkje.  Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid kyrkje vart bygd i 1849. Arkitekt var handelsmann Claus Wiese, byggmeister Ole Olsen Løken (sjå artikkelen Kyrkjebyggjarane frå Eid). Altertavla er frå 1892, måla av Cecilie Dahl.

Kyrkja er innvendig utsmykka i «drakestil» av den kjende treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik (1846-1925). Kinsarvik har m.a. også utsmykka kyrkjene på Totland ved Bryggja og Rugsund kyrkje.(sjå Rugsund kyrkje og Totland kyrkje under Kyrkjer i Vågsøy).

To kyrkjeklokker i Eid kyrkje er frå 1700-talet. Ein kyrkjenøkkel med runeskrift frå mellomalderen er teken vare på i Oldsaksamlingen, Oslo.

Altartavla. Foto: Bjarne Eldevik.

Altartavla. Foto: Bjarne Eldevik.

Ein del av utsmykkinga til Lars Kinsarvik. Foto: Bjarne Eldevik.

Ein del av utsmykkinga til Lars Kinsarvik. Foto: Bjarne Eldevik.

På dette biletet ser vi slitasjen på takmåleria. I 2011 skal Eid kommune reparere skadane. Foto: Bjarne Eldevik.

På dette biletet ser vi slitasjen på takmåleria. I 2011 skal Eid kommune reparere skadane. Foto: Bjarne Eldevik.

Veggmåleri av Lars Kinsarvik. Foto: Bjarne Eldevik.

Veggmåleri av Lars Kinsarvik. Foto: Bjarne Eldevik.

Fjordungskyrkje for Nordfjord

På Myklebust på Nordfjordeid stod truleg den første kyrkja som vart bygd i Nordfjord utanom klosterkyrkja på Selja. Denne første kyrkja på Eid var ei stavkyrkje, og hadde rang som fjordungskyrkje, d.v.s. hovudkyrkje i sin del av Nordfjord. For innfjorden hadde steinkyrkja på Vereide i Gloppen (sjå Vereide kyrkje) same status.

Det er truleg at denne første kyrkja på Myklebust strauk med då gardstunet der brann, for på 1400-talet er det nemnt at Eida-kyrkja står på nabogarden Mel. Dette var ei korskyrkje. I 1689 brann Eida-kyrkja, og i 1692 vart det bygd ei ny korskyrkje på branntufta. Denne kyrkja hadde vakkert interiør med tårnet som takryttar midt på, og vart i 1849 riven og avløyst av kyrkja som står der i dag.

Krosskyrkja som vart avløyst av dagens kyrkje. Teikning: Oddvar Almenning.

Krosskyrkja som vart avløyst av dagens kyrkje. Teikning: Oddvar Almenning.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.02.2014