Hopp til innhold
X
Innhald

Farnes kyrkje

Farnes kyrkje sett frå vegen til Tyin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnes kyrkje sett frå vegen til Tyin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnes kyrkje i Øvre Årdal vart bygd i 1970. Arkitektar var firma Arnstein Arneberg v/ Per Solemslie. Byggmeister var Endre Kleiven AS. Altartavla frå 1970 er laga av Victor Sparre. Inventar og utstyr elles er frå byggjeåret eller seinare.

Øvre Årdal var den siste tettstaden i Sogn og Fjordane som fekk eiga kyrkje. Før den tid vart eit lokale i Ungdomsheimen (no Sitla Hotell) brukt som interimkyrkje.

I Årdal var det tidlegare ei segn som fortalde at den dagen det kunne høyrast kyrkjeklokker i Øvre Årdal ville det kome eit stort fjellskred frå Bøttejuv, og flodbylgja frå raset ville øydeleggje busetnaden på Farnes.  Kyrkja stod klar i 1970 utan at spådommen slo til. Dette biletet er teke frå toppen av Bøttejuv, og det er Svein Langeland som nyt det flotte utsynet. Foto: Egil Jørgen Lund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 11.04.2011