Hopp til innhold
X
Innhald

Feios kyrkje

Feios kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Feios kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Feios kyrkje vart bygd i 1866. Arkitekt var J.W. Nordan og byggmeister Johannes Arnesen Øvsthus. Altartavla frå 1883 måla av Christen Brun. Nattverdsutstyret er frå 1600-talet, og delar av minnetavle frå 1680 er tekne vare på. Øvrig inventar er frå byggjeåret eller seinare.

Stavkyrkje i Feios

Ei stavkyrkje frå 1200-talet vart riven for å gje plass til nyekyrkja i 1866. Ved Sogn Folkemuseum er messehakel frå mellomalderen teken vare på, og altar og eindel andre gjenstandar frå stavkyrkja er i Knut Rumohrs samlingar på Frønningen.

I 2011 vart bygningsmateriale og ei dør som truleg stammar frå stavkyrkja oppdaga i eit bustadhus på Berdal i Feios. M.a. vart det funne dekorasjonar i innertaket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.05.2011