Hopp til innhold
X
Innhald

Førde kyrkje

Førde kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eitt av dei flottaste kunstverka frå norsk barokk finn vi i Førde kyrkje. Det er altartavla frå 1643. Men det var på nære nippet at den praktfulle tavla hamna på skrothaugen. Noverande Førde kyrkje vart bygd i 1885. Arkitekt var J.W. Nordan og byggmeister Iver Løtvedt.

Altartavla frå 1643. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Altartavla frå 1643. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Preikestolen frå 1672. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Preikestolen frå 1672. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Altartavla i kyrkja er frå 1643 og er rekna som eit nasjonalt praktstykke frå barokken. Kunstnaren var truleg Anders Smith. Ho var ei gåve frå prest Peder Jørgenson Finde og kona Barbra Nitter. Altartavla er kring fire meter høg og er utforma som eit epitafium (minnetavle) over gjevaren si familie.

Preikestol frå 1672

Preikestolen med utskorne figurar av Kristus og apostlar er frå 1672 og er måla av Capsar Helvig. Preikestolen har truleg hatt himling tidlegare. Eit epitafium frå 1681 framstiller kjøpmann Peder Findmand med familie. Eit anna måleri frå 1686 av Markus Gram (sjå denne) har motiv frå Himmelfarten. Kyrkjeklokkene er frå 1776 og 1934. Eitnstor biletvev i kyrkjeskipet av Marit Erland framstiller kyrkjeåret. Det vart hengt opp kring altaret i dei åra kring tusenårsskiftet då barokktavla var til restaurering i Oslo, men har sidan vorte delt opp i stykke og hengt opp mellom vindauga i kyrkjeskipet. Ein messehakel frå 1671 er teken vare på i Bergen Muséum. Eit pulpitur - d.e. frontpanel til kyrkjestol - frå 1681 er teke vare på ved Norsk Folkemuséum.

Strid om altartavla

Strid om altartavla

I 1885 var altartavla frå barokken lagra på skulehusloftet og planen var å få måla ei ny «moderne» tavle. Men det kosta pengar, og det drygde ut. 1. juledag 1925 stod barokktavla på plass på altaret, til stor undring både for prest og kyrkjelyd. Ukjende hadde på eige initiativ henta tavla frå skulehuset, og i løynd flytta den til kyrkja. Det braut ut bitter bygdestrid om «ny» eller «gamal» tavle, og enden på striden var at kunstnaren som skulle måle ny, trekte seg fornærma ut.

Stavkyrkje på Skei

I Førde stod det i mellomalderen ei stavkyrkje på Skei. I 1625 vart denne kyrkja utvida ved at det vart bygd til eit kyrkjeskip med våpenhus. Den opphavelege stavkyrkja fungerte som kor i den utvida kyrkja. Denne kyrkja vart riven i 1838, og ei ny kyrkje vart vigd i 1839. Dette var ei enkel tømmerkyrkje med tårn mot vest. Den stod til 1885. Då vart den riven for å gje plass til dagens kyrkje.

Kapell på Vie

På garden Vie stod det i mellomalderen eit kapell, truleg ei såkalla høgendeskyrkje, eigd av ein storbonde.

Den enkle kyrkja som vart bygd i 1839. Dette fotoet er teke i 1869. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Den enkle kyrkja som vart bygd i 1839. Dette fotoet er teke i 1869. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011