Hopp til innhold
X
Innhald

Fortun stavkyrkje til Fantoft

Stavkyrkja i Fortun er eit sentralt element i måleriet til Knud Bull: Fra Fortun. © Blomqvist Kunsthandel.

Stavkyrkja i Fortun er eit sentralt element i måleriet til Knud Bull: Fra Fortun. © Blomqvist Kunsthandel.

Fram til nyekyrkja, Fortun kyrkje, vart bygt i 1883 sto det ei gamal stavkyrkje i Fortun, bygt 1160-1180.

Då denne vart riven, var mykje av tømmeret selt til konsul F. G. Gade i Bergen. Han nytta mange av dei gamle bygningsdelane då han sette opp ein kopi av ei stavkyrkje på Fantoft ved Bergen.

Ornamentikken i den gamle stavkyrkja var ikkje særleg omfattande, men den hadde ein utskoren flettverksboge på vestsida, nokre utskjæringar på hovuddøra, og søylekapitél med krossar.

Men denne gamle «Fantoft stavkyrkje» hadde etter det ekspertane har funne ut, etter måten svært få bygningselement etter stavkyrkja i Fortun. Fantoft stavkyrkje vart utvendes gjort til ein kopi av Borgund stavkyrkje - med svalgang og spontak prydd med drakar og midtstilt takryttar (tårn). Det var såleis ikkje noko «nasjonalt klenodium» av ypparste klasse som brann ned i 1992 då ein «satanist» sette fyr på kyrkja på Fantoft.

Ein kopi av kyrkja vart reist på same staden og opna i 1997. Mykje av tømmeret til denne nye kopien vart henta i Kaupanger-skogane og skore på saga ved Hundershagen Sagbruk og Høvleri i Kaupanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011