Hopp til innhold
X
Innhald

Gimmestad kyrkje

Gimmestad kyrkje, bygd i 1910. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gimmestad kyrkje, bygd i 1910. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gimmestad ”nye” kyrkje frå 1910, ligg nede ved fjorden, medan gamlekyrkja ligg oppe på eit høgdedrag. Arkitekt er N.S.D.Eckhoff, byggmeister Anders Karlsen, Nordfjordeid.

I staden for tavle, er altaret utsmykka med kopi av B. Thorvaldsens Kristus-figur frå domkyrkja i København. Kopien er laga i 1912, og ein liknande kopi står også på altaret i Florø kyrkje. Preikestol og anna kyrkjeutstyr i den nye Gimmestad-kyrkja er også frå kring 1912.

Stavkyrkje på Gimmestad

På Gimmestad har det stått kyrkjer heilt sidan 1200-talet. Ei segn fortel at ei stavkyrkje vart reist i takksemd over at to systre vart berga frå ein livsfarleg situasjon. Kyrkja er første gong nemnd i 1308 og stod fram til det vart bygt ei ny kyrkje i 1650. Men denne kyrkja bles ned i ein storm i 1690 og vart erstatta den det som no er ”gamlekyrkja” på Gimmestad i 1692.

Gimmestad kyrkje med utsyn innover mot Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gimmestad kyrkje med utsyn innover mot Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011