Hopp til innhold
X
Innhald

Hafslo kyrkje

Hafslo kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hafslo kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kongefiguren frå Hafslo på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kongefiguren frå Hafslo på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hafslo kyrkje vart bygd i 1878. Arkitekt var J. Faye og byggmeister var Carl Askeland. Altartavle, nattverdsutstyr, preikestol, døypefont og kyrkjeklokker er frå byggjeåret.

I kyrkja fint eit krusifiks frå 1780, laga av Hans Hansson Hess, Hafslo. Ei minnetavle - epitafium - over presten Schrøder frå 1781 heng i kyrkja. Ved Bergen Museum er det frå eldre kyrkjer teke vare på ein fransk kongefigur frå 1100-1200-talet, ei kyrkjedør frå 1200-talet, eit fragment frå kyrkjeklokke frå 1300-talet, ein preikestol frå ca. 1600, ei altartavle frå 1676 og eit udatert votiskip (krigsskipsmodell opphengd i kyrkja).

Stavkyrkje på Hafslo

Då Hafslo kyrkje vart bygd i 1878, vart ei stavkyrkje frå kring 1200 riven. Denne stavkyrkja var bygd på eit kor i lafta tømmer ein gong mellom 1665 og 1722.

På dette måleriet av Knud Baade ser vi gamlekyrkja på Hafslo til høgre. © Blomqvist Kunsthandel.

På dette måleriet av Knud Baade ser vi gamlekyrkja på Hafslo til høgre. © Blomqvist Kunsthandel.

Runestein

I 1836 vart det funne ein runestein under dørstokken på den gamle kyrkja. Ein tyda teksten til:

  • «Her er Jorunn jorda».
  • Kyrkja ligg vakkert til ved Hafslovatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Kyrkja ligg vakkert til ved Hafslovatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Hafslo-teppet

    Ein av dei mest interessante skattane i Bergen Museum er det vidgjetne, broderte veggteppet frå Hafslo. Teppet skriv seg frå 1500-1600-talet og måler 288 x 50 centimeter. Men teppet har truleg vore lengre. Les om dette under: Verdfull vevkunst frå Luster.

    Detalj frå det eldste broderte biletteppet i landet. Det er frå 15-1600-talet og kjem frå Hafslo, men er no på Bergen Muséum.  Foto: Arild Nybø, NRK.

    Detalj frå det eldste broderte biletteppet i landet. Det er frå 15-1600-talet og kjem frå Hafslo, men er no på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.03.2011