Hopp til innhold
X
Innhald

Hopperstad stavkyrkje

Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hopperstad stavkyrkje i Vik er bygd kring 1130 og er ei av dei fem bevarte stavkyrkjene i Sogn. I mellomalderen var Hopperstad-kyrkja fjordungskyrkje - d.v.s. ei av hovudkyrkjene i Sogn.

Den opphavelege stavkyrkja på Hopperstad var eit langt enklare bygg utvendes enn slik som det framstår i dag. Dette har samanheng med at stavkyrkja vart kjøpt av arkitekt Peter Andreas Blix i 1885 og restaurert og sterkt ombygd i åra fram til 1891.

Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK

Blix nytta Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje i Lærdal kommune som førebilete då han restaurerte Hopperstad-kyrkja. M.a. fekk den takryttar (midttårn), spontak og svalgangar. Den opphavelege stavkyrkja på Hopperstad var eit langt enklare bygg utvendes enn slik som den framstår i dag.

Flytting vart forhindra av Blix

Før Blix tok over, fekk Fortidsminneforeininga hand om kyrkja i 1880 og hadde planar om å flytte stavkyrkja til Bergen og setje den opp i Nygårdsparken. (Sjå elles Fortun stavkyrkje til Fantoft, som vart flytta til Fantoft ved Bergen). Blix gjekk sterkt imot dette, kjøpte kyrkja og kosta det meste av restaureringsarbeidet sjølv, slik han også gjorde med Hove steinkyrkje.

Eineståande interiør

Sjølv om Blix endra mykje på kyrkja utvendes, så er interiøret og mykje av inventaret bevart i sin opphavelege stand. Det mest iaugefallande er den rikt utskorne og måla altarbaldakinen frå 1300-talet - eller Maria-altaret - som står til venstre ved inngangen til koret. Baldakinen/altaret vert også kalla eit «ciborium», og truleg stod det to slike i den gamle kyrkja. Portalen til ciboriet er rikt utskoren, og himlingen er pryda med måleri-medaljongar med motiv frå Kristi fødsel.

Bumerke

På stavar og veggar i kyrkja har folk gjennom tidene rissa inn runer og bumerke, og oppe på veggen ved koret er det to gluggar som spillsjuke (ureine) etter segna kunne få sjå inn gjennom og fylgje med på gudstenesta.

Inventar frå 1600-talet

Elles er mykje av inventaret frå 1600-talet: Altartavle i rennessansestil frå 1621, lesepult, portrettmåleri og tre minnetavler. Den eine av desse er for den søkkrike presten Iver Erikssøn Leganger.

Ei av minnetavlene i kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei av minnetavlene i kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altartavla frå 1621. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altartavla frå 1621. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjenstandar på musea

Glasmåleriet frå 1610 som framstiller Jakobs stige er utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Glasmåleriet frå 1610 som framstiller Jakobs stige er utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sjølv om mykje av det opphavelege interiøret står att, så er mykje utstyr flytta til musea i Oslo og Bergen: Ved Oldsaksamlinga i Oslo finst vokstavler frå 1200-talet, pilegrimsmerke frå 1500-talet, mellomaldernøkkel, spelebrikke, nøkkel, klokke og ulike gjenstandar frå mellomalderen funne ved utgraving under kyrkjegolvet.

Ved Bergen Museum er det teke vare på ein bronsefot til eit offerkar frå 1400-talet, fragment av to søyler og tre gravsteinar frå mellomalderen og glasmåleri frå 1610. I Kunstindustrimuseet i Oslo finst ein altarduk frå 1686. Ein skriftestol frå 1661 og preikestol frå 1673 er tekne vare på i Vik, og på prestekontoret finst ei preikebok frå 1573.

Hopperstad var hovudkyrkje

Hopperstad stavkyrkje var i mellomalderen såkalla fjordungskyrkje - dvs. hovudkyrkje for ytre Sogn. Elles i Sogn var det fjordungskyrkjer i Rygg i Aurland, Tønjum i Lærdal, og Stedje i Sogndal. Den siste vart rekna som hovudkyrkja for Sogn.

Annekskyrkje på Tenold

Ei stavkyrkje på Tenold i Vik var annekskyrkje til Hopperstad. Denne vart øydelagd av ras på 1400-talet.

Syrgjeask

På kyrkjegarden stod «syrgje-aska» som vart planta på grava til prestedotter Inga Houge då ho døydde 17 år gamal i 1855.

Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Inngangsdøra på kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Inngangsdøra på kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.06.2011