Hopp til innhold
X
Innhald

Hove steinkyrkje

Hove steinkyrkje i Vik var privatkapell og høgendeskyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hove steinkyrkje i Vik var privatkapell og høgendeskyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den opphavelege steinkyrkja på storgarden Hove vart bygd kring 1170, truleg som privat kyrkje (høgendeskyrkje) for storbonden på Hove. Denne kyrkja skal vere den eldste steinkyrkja i Sogn og Fjordane.

Frå 1877 til 1880 vart kyrkja leigd bort til Sogns Bataljoner som hadde eksersisplassen sin like ved. .

Altaret under tårnet er skilt frå kyrkjeskipet med høge jarndører. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altaret under tårnet er skilt frå kyrkjeskipet med høge jarndører. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Blix utstyrte kyrkja med dette krusifikset Foto: Ottar Starheim, NRK.

Blix utstyrte kyrkja med dette krusifikset Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kyrkja var mykje til nedfalls då arkitekt Peter Andreas Blix kjøpte den i 1880. Historia bak dette kjøpet var at Blix på den tida arbeidde som restaureringsarkitekt på Håkonshallen på Bergenhus og på Bergen domkirke. Der hadde ein trong for kleberstein, og annonserte i avisene etter høveleg stein. Slik kom restaureringsarkitekten Blix under vér med at det stod ei mellomalderkyrkje til forfalls i Vik. Blix meinte det var for gale å rive restane av det flotte mellomalderminnet for å nytte det som byggjestein i Bergen, og det enda med at han kjøpte Hove steinkyrkje ”på rot”, og slik vart den verande i Vik – på same måte som ”kyrkjebergaren” Blix også kjøpte Hopperstad stavkyrkje framfor nasen på bergensarane og restaurerte den der den stod.

Under denne marmorplata ligg Peter Andreas Blix gravlagd. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Under denne marmorplata ligg Peter Andreas Blix gravlagd. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altaret som er laga av kleberstein. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altaret som er laga av kleberstein. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Blix restaurerte etter eigen smak

Men då Blix sette i gang med å restaurere den temmeleg forfalne steinkyrkja på Hove, vart det svært mykje etter hans eigen smak. M.a. fekk den høgare kyrkjetårn, ny takkonstruksjon og ei svært spesiell dekormåling innvendes. I Hove-kyrkja vart det i 1878 funne restar etter gamal dekormåling. Men Blix tok ikkje omsyn til dette, og måla m.a. korhimlingen som ein sterkt blå himmelkvelving med stjerner, sol og måne. Då han døydde i 1901, vart Blix gravlagd under ei marmorplate midt i kyrkjeskipet.

Hove-madonnaen som er utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hove-madonnaen som er utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Votivskipet som heng i kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Votivskipet som heng i kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Både til Hovekyrkja og seinare Hopperstad stavkyrkje engasjerte Blix byggmeister Jon Ivarson Hove til å leie arbeidet. Hove fekk i åra som fylgde, i oppdrag av Fortidsminneforeningen å restaurere ein mengde middelalderkyrkjer over heile landet.

Hove kyrkje på flyfoto frå 1957. © Johan Ottesens arkiv.

Hove kyrkje på flyfoto frå 1957. © Johan Ottesens arkiv.

Mellomalder-altar

I klebersteinsaltaret frå mellomalderen er det eit holrom som vart nytta til oppbevaring av relikviar. I kyrkjetårnet heng klokka frå 1694. Elles rydda Blix ut mykje av det gamle inventaret, og utstyrte kyrkja med nytt krusifiks over korbogen og eit biletteppe av Kjerstina Vangsnes.

I korveggen pryda Blix vindauga med glasmåleri, og ute på kyrkjeveggen har hestane som vart nytta til å køyre stein til restaureringa, fått si takk for hjelpa med ein liten klebersteinskulptur som er innfelt i veggen.

Hove-madonnaen

Den gullforgylte Madonna med barnet frå Hove-kyrkja er eit av dei vakraste og best bevarte kunststykka frå norsk mellomalder.

Den er truleg laga i Bergen kring 1250, og vert rekna som eit hovudverk frå denne tida. Hove-madonnaen er ein av juvelane i kyrkjesamlinga ved Bergen Museum. Der er det også teke vare på eit beslag til eit krusifiks frå 1200-talet, og ein biletvev frå 1888 laga av Kjerstina Vangsnes som Blix kjøpte som dekor til kyrkja.

Ein altarduk frå ca. 1700 er å finne i Kunstindustrimuseet i Oslo. I Vik er ein preikestol frå 1670 teken vare på, og det same er altartavla frå 1686.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011