Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger kyrkje

Høyanger kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger kyrkje vart bygd i 1960. Arkitektar var Arnstein Arneberg og Olav Platou, og byggmeister Leidulf Fossheim.

Altartavla er eit glasmåleri av Borgar Hauglid, og under denne finst ein mosaikk av Ragnvald Andersen. Utsmykkinga i kyrkja elles er frå byggjeåret 1960.

Ein plan om å byggje kyrkje i Høyanger tidleg i industrifasen kring 1920 vart ikkje gjennomført. Før kyrkja i Høyanger vart bygd, fungerte difor eit klasserom i folkeskulen som interimskyrkje frå 1916 til 1927.

Frå Høyanger bedehus vart teke i bruk i 1917 og til Høyanger kyrkje stod ferdig i 1960 var det bedehuset som vart brukt til kyrkjelege handlingar.

I dette lokalet føregjekk dei kyrkjelege handlingane i Høyanger fram til kyrkja vart bygd i 1960. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I dette lokalet føregjekk dei kyrkjelege handlingane i Høyanger fram til kyrkja vart bygd i 1960. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2010