Hopp til innhold
X
Innhald

Husøy kyrkje

Husøy kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husøy kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husøy kyrkje i Straumen vart bygd i 1896. Arkitekt var Peter Andersen og byggmeister Peter Gabrielsen Spjutø.

Første kapellet på Husøy kom i 1718 (sjå Utvær kapell under «Kyrkjer i Solund») og vart rive då den nye kyrkja vart bygd i 1896.

Altartavla i Husøy kyrkje er frå 1724. Tavla er laga av Jakob Bersveinsson Klukstad frå Lom. Kyrkjeklokka er frå 1718 og nattverdsutstyret frå 1866.

Resten av inventaret frå byggjeåret eller seinare.

Ei altartavle frå gamlekyrkja frå 1600-talet, to utskorne figurar 1772 og 1790, og kyrkjeklokke 1641 er tekne vare på i Sogn folkemuseum.

Straumen med Husøy kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Straumen med Husøy kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011