Hopp til innhold
X
Innhald

Joranger kyrkje

Joranger kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Joranger kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Joranger kyrkje ligg godt synleg på eit høgdedrag over Indre Hafslo og vart bygd kring 1620. Altartavla kan daterast til kring byggjeåret for kyrkja, preikestolen er frå før 1660 og døypefonten frå før 1700. To altarlysestakar er frå 1701.

Sørgjefana frå Joranger på Bergen Muséum. Foto: Bergen Muséum.

Sørgjefana frå Joranger på Bergen Muséum. Foto: Bergen Muséum.

Nokre himlingsbjelkar kan vere frå ei tidlegare kyrkje på staden.To kyrkjeklokker er frå 1200-talet.

Ved Bergen Muséum finst ein særmerkt lysestake i bronse frå 1200-talet som kjem frå Joranger kyrkje. Den er truleg ein lokal kopi av ein fransk lysestake frå Dinant. På muséet finst også ei såkalla "syrgjefane" frå 1677 over løytnant Jens Bille. Ei slik syrgjefane er også berga frå ei gamal kyrkje i Solvorn.

Kamp om kyrkjefolket

I gamle dagar betalte folk tiende til den kyrkja som dei høyrde til. Difor låg prestane i Hafslo og Luster på 1700-talet støtt i strid om kva kyrkje folk på garden Dvergsdalen skulle høyre til. I 1755 truga presten i Luster med å jage både bønder og husmenn frå gard og grunn dersom dei ikkje søkte kyrkja i Gaupne. Folket i Dvergsdalen bøygde seg for trugsmålet, og betalte både tiende og offer til Luster-presten. Men då vart Hafslo-presten arg og gjekk til sak – og den vann han. Sidan har Dvergsdalen sokna til kyrkja i Jordanger!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011