Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedal kyrkje

Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedal kyrkje bygt 1660. Byggmeister Hans Ottesen Rafn. Altartavle frå 1609, gjeven til kyrkja av den illgjetne futen Gjøde Pederssøn.

Preikestol frå 1626, prestekonestol frå 1660-åra. To altarlysestakar frå 1636. Bibel frå 1806. Kyrkjeklokke frå 1858. Døypefonten er frå 1907. Biletteppe frå 1990 laga av skuleelevar i bygda. Ein gamal lås og bjelkar frå før 1660 er tekne vare på i våpenhuset saman med to steinkrossar frå mellomalderen.

I Bergen Museum finst ei kyrkjeklokke som vart grave fram frå tufta då kyrkja vart bygt i 1660.

Stavkyrkje i Jostedalen

I Jostedal vart det reist ei stavkyrkje - truleg på 1200-talet. Den er omtala i 1323. Den sto til den vart avløyst av ei ny stavkyrkje i 1553, og denne sto til noverande kyrkje vart bygt i 1660.

Hovudhuset på prestegarden i Jostedal. Foto: Steinar Lote, NRK.

Hovudhuset på prestegarden i Jostedal. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2011