Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje i 2007. Slik såg kyrkja ut fram til 1862, då ho vart modernisert. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger stavkyrkje i 2007. Slik såg kyrkja ut fram til 1862, då ho vart modernisert. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kyrkja før ho vart restaurert tilbake til mellomalderkyrkje. Ukjend fotograf. Eigar: Svein Henjesand/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kyrkja før ho vart restaurert tilbake til mellomalderkyrkje. Ukjend fotograf. Eigar: Svein Henjesand/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaupanger stavkyrkje vart bygd kring 1190. Dette er den største stavkyrkja av dei fem stavkyrkjene i Sogn, med i alt 20 stavar (berande søyler) i skipet. Kyrkja hadde opphaveleg eit kortare skip, men har tydelege merke av å ha vorte forlenga med omlag 3,5 meter ein gong mellom 1200 og 1350.

På 1600-talet fekk stavkyrkja m.a. eit tårn midt på taket, våpenhus, og vindauge på sidene. Veggane vart bordkledde, og det vart sett inn preikestol og benkar til å sitje på.

I 1720 fekk sorenskrivar Giert Anderssøn Heiberg løyve til å byggje eit privat gravkapell av stein på nordveggen for Heiberg-slekta.

Modernisering i 1862

I 1862 vart den gamle kyrkja sterkt modernisert under leiing av arkitekt F. H. Stockfleth: Ho vart måla både innvendes og utvendes, og fekk panner på taket. Det vart sett inn i alt 51 vindauge, det vart bygt nytt våpenhus, og to galleri inne i kyrkjeskipet. Steinkapellet vart også rive i 1872.

Notane på veggen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Notane på veggen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lysekruna frå 1723. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lysekruna frå 1723. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Restaurering tilbake til mellomalderkyrkje

I tida mellom 1959 til 1965 vart den gamle stavkyrkja restaurert og ført tilbake til sin opphavelege utsjånad innvendes: Då målinga frå 1862 vart fjerna, kom det m.a. til syne nokre merkelege «noteteikn» frå mellomalderen – neumer. Desse er tolka og bearbeidde, og finst no som tone i den nye salmeboka for Den norske kyrkje på nr. 197.

Komponisten Arne Norheim vart også inspirert av neumene og lyden i dei gamle mellomalderklokkene i Kaupanger stavkyrkje, og komponerte ut frå dette verket «Klokkesong», som vart urframført i kyrkja i 1984.

Dagens inventar

Altartavla er frå 1636 og gjeven av futen Gjøde Pederssøn. Korbogen frå ca. 1300 er truleg ein del av ein tidlegare altarbaldakin. Preikestolen er frå ca. 1620. Døypefonten er frå 1634, nattverdskalken frå 1665, to altarlysestakar frå 1609, lysestake frå 1720, ei lysekrune frå 1723 og to kyrkjeklokker frå ca. 1200. To epitafium – dvs. minnebilete: Eit frå 1634 av Gjøde Pedersen med familie, og eit frå ca. 1659 av Thaames Willumsen og familie.

På museum

På Bergen Museum er teke vare på krusifiks frå 1180-1200, eit fragment frå eit antependium (altarduk) frå ca. 1275–1325, drake frå triumfbogen frå ca. 1200, og altarfrontale frå ca. 1250. På De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er teke vare på kyrkjedør frå 1600–talet og altartavle frå 1865, måla av Anders Askevold.

Preikestolen frå ca. 1620. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Preikestolen frå ca. 1620. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Epitafiumet som viser Gjøde Pedersen og familien hans. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Epitafiumet som viser Gjøde Pedersen og familien hans. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare stavkyrkjer i Kaupanger

Under restaureringsarbeid fann ein stolpehol og spor i kyrkjetufta etter ei lita stavkyrkje på berre 4,5 x 5,5 meter som truleg skriv seg frå siste halvdel av 1000-talet.

Det er også mogleg at denne kyrkja vart reist så tidleg som på 900-talet. Denne første kyrkja vart riven for å gje plass til ei ny og noko større stavkyrkje ca. 1090. Ho vart truleg brend då kong Sverre Sigurdson sine birkebeinarar sette fyr på

Lusakaupangen i 1184 (sjå: Kong Sverre brende Lusakaupang). Men heilt sikre er ein ikkje, for visse ting kan tyde på at ho brann før kong Sverre og hans menn sette fyr på kaupangen.

 Altartavla i Kaupanger stavkyrkje frå 1636 og døypefonten til venstre frå 1634. Foto: Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Altartavla i Kaupanger stavkyrkje frå 1636 og døypefonten til venstre frå 1634. Foto: Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011