Kjærleikskyrkja i Balestrand

St. Olaf Church. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

St. Olafs Church i Balestrand vart bygd i 1897 og vert også kalla «Engelskkyrkja». Kyrkja er bygd som etterlikning av ei stavkyrkje.
Arkitekt Jens Zetlitz Kielland. Byggmeister var Anders Korsvold, Eivindvik. Altartavle frå 1897 er måla av Emma Pastor Normann, som var ein av dei kjende "Balestrand-kunstnarane".
Glasmåleria som kransar det runde koret og anna utstyr, er frå byggjeåret eller seinare.
Tindeklatrar fekk bygd kyrkja
Ved inngangsdøra heng portrettmåleri av kvinna som sytte for at kyrkja vart bygd: Margaret Sophia Green Kvikne (1850-1894). Ho kom som tindeklatrar til Noreg i 1886, og i 1890 vart ho gift med hotelleigar Knut Kvikne. Før ho døydde av tuberkulose i 1894, fekk ho ektemannen til å love å byggje ei engelsk kyrkje i Balestrand. Med økonomisk hjelp m.a. frå to velståande amerikanske kvinner fekk Knut Kvikne bygd kyrkja.
Engelske prestar
Kyrkja vert i sommartida nytta av den anglikanske kyrkja, og det er prestar frå England som held preika. Dei arbeider gratis i to veker i «skiftet», mot fritt opphald på Kviknes hotell.
Underlagt biskopen av Gibraltar
Engelskkyrkja sorterer under biskopen av Gibraltar. Han bur i London, men har ansvar for alle utanlandske anglikanske kyrkjer.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 29.07.2011