Hopp til innhold
X
Innhald

Kvamsøy kyrkje

Kvamsøy kyrkje. Foto Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Kvamsøy kyrkje. Foto Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Kvamsøy kyrkje, bygd i stein ca. 1280-1300. Kyrkja ligg på den vesle Kvamsøya. Kyrkja skal etter segna vere ei gåve frå engelske sjøfarande som vitja den gamle Lusakaupangen i Kaupanger, og som søkte hamn bak Kvamsøya.

Altartavle frå 1716 av Jørgen Christopher Schauer er gjeven av Anna Pedersdatter Finde, dotter til den rike presten Peder Jørgenson Finde i Førde.

Preikestolen er frå 1667, måla i 1682, overmåla i 1870. Døypefonten er frå 1500-talet. Krusifiks frå 1694. Altarlysestakar frå 1688, kalk og disk frå 1600-1650. To lysekruner frå 1700, ei lysekrune frå 1763.

Kvamsøy med kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvamsøy med kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Votivskip frå 1702. To måleri frå 1700-talet, messehakel frå 1760-1790, to kyrkjeklokker frå mellomalderen og frå 1701.

Elles er det teke vare på ei rad minneplater som var festa på kista til gravlagde - m.a. frå Munthe-familien som hadde eige gravkapell på Kvamsøy på 1700- og 1800-talet.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er det teke vare på ein altarlysestake frå kyrkja.

Kalkmåleri

I 2011 vart det starta arbeid med å avdekke kalkmåleri frå 1670 og frå 1700-talet som var måla over med kvit måling.

Kalkmåleria som blir avdekte i Kvamsøy kyrkje. Foto: Hilde Anita Røyrvik, NRK.

Kalkmåleria som blir avdekte i Kvamsøy kyrkje. Foto: Hilde Anita Røyrvik, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2014