Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkje på Kapellneset

Klokketårnet på Kapellneset. Foto: Arild Nybø, NRK.

Klokketårnet på Kapellneset. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sør for Raudeberg ligg Kapellneset. Hamna der vert kalla Bugen, og på dette neset vart det bygd eit kapell i 1580-åra.Sidan øya Silda ikkje ligg så langt unna, er det sannsynleg at det kan vere Silda-kyrkja som vart riven og flytta over til Kapellneset på Vågsøy.

Frå 1599 sokna alle som budde på Vågsøy og langs Ulvesundet til kyrkja eller kapellet på Kapellneset. Det let såleis til at sør-vågsøyværingane no var løyste frå sambandet sitt med Rugsund-kyrkja. Den vesle kyrkja på Kapellneset hadde eit 10 meter langt og åtte meter breitt kyrkjeskip og med eit kor i enden.

Altartavla hadde nattverdsmotiv, måla av Abel Olsen i 1609. Taket var enkelt rosemåla. Då stormen bles kyrkja skeiv, vart ho skora opp med skåter på nordsida, slik også den gamle kyrkja på Hove i Selje var. I 1854 vart kyrkja på Kapellneset avløyst av ei ny kyrkje i Røysa nord i bygda. Kapellet sør i bygda vart rive og materialane selde og nytta som sjøbu på Måløyna. Dit drog også kyrkjeklokka som vart nytta som matklokke på handelsstaden.

På Kapellneset vart det i 1944 reist eit tårn til minne om den gamle kyrkjestaden, og då kom kyrkjeklokka på plass att i tårnet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2011