Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjebø kyrkje

Kyrkjebø kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kyrkjebø kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kyrkjebø kyrkje vart bygd i 1869.

St. Olav-figuren frå Kyrkjebø kyrkje er 137 cm høg og er å finne på Bergen Muséum. St. Olav trakkar på ein mannsfigur – eit symbol på at han hadde vunne over heidenskapen. Foto: Arild Nybø, NRK.

St. Olav-figuren frå Kyrkjebø kyrkje er 137 cm høg og er å finne på Bergen Muséum. St. Olav trakkar på ein mannsfigur – eit symbol på at han hadde vunne over heidenskapen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Arkitekt var Christian Brodtkorp Christie, som også har teikna kyrkjene i Borgund, Årdal, Sogndal og Holmedal. Byggmeister John J. Alver.

Altartavle frå 1869 er måla av Anders Olsen. Krusifiks og kyrkjeklokke frå 1200-talet stammar frå tidlegare kyrkje på Austrheim. Ein steinkross frå mellomalderen er teken vare på. Altarlysestakar, lysekrune og døypefont er frå 1600-talet.

I Bergen Museum er det teke vare på St. Olav-figur og «Madonna med barnet»-figur frå 1200-talet, krusifiks frå 1500-talet og altertavle frå 1613.

Døypte borna i Sunnfjord

I gamle dagar var det vanleg at folket som budde på garden Markeset i Indredalen ved Vadheim døypte borna sine i Sunnfjord. Den næraste kyrkja låg på Sande, men det hende at Markeset-folket reiste heilt til Bygstad for å få ”kristna” ungane sine. På 1700-talet skal eit heilt brurefylgje frå Markeset ha drukna i Viksdalsvatnet på veg til vigsle i Hestad kapell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.11.2011