Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Balestrand

St. Olafs kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

St. Olafs kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sæle kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sæle kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvamsøy kyrkje

er bygd i stein ca. 1280-1300. Kyrkja ligg på den vesle Kvamsøya.

Sæle kyrkje

vart bygd i 1903. Arkitekt: H.J. Sparre. Byggmeister var den kjende kyrkjebyggjaren Anders Korsvold frå Eivindvik. Sæle-kyrkja har mange arkitektoniske likskapar med Christie-kyrkjene som vi m.a. finn i Holmedal og i fleire bygder i indre Sogn. Altartavla i Sæle kyrkje er frå 1935, måla av Ant. Gundrosen. Anna inventar og utstyr frå byggjeåret eller seinare. Denne kyrkja avløyste mellomalderkyrkja på Kvamsøy som soknekyrkje for vestre del av kommunen.

Kjærleikskyrkja i Balestrand

St. Olaf´s Church i Balestrand vart bygd i 1897. Også kalla «Engelsk-kyrkja». Kyrkja er bygd som etterlikning av ei stavkyrkje.

Tjugum kyrkje

vart bygd i 1863. Kyrkja har åttekanta skip. På Tjugum har det tidlegare stått ei kyrkje frå ca. 1300 til 1610, og deretter ei kyrkje frå 1610 til dagens kyrkje vart bygd i 1863.

Tjugum kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tjugum kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011