Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Gulen

Mjømna kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gulen kyrkje

i Eivindvik vart bygd i 1863.

Brekke kyrkje

vart bygd i 1862. Arkitekt Chr. H. Grosch. Byggmeister Anders Basteson Isdal, Nordhordland.

Mjømna kyrkje

vart bygd i 1901. Arkitekt og byggmeister Anders Korsvold. Altartavle av Wilhelm Bjørknes - kopi etter Adolph Tidemand.

Byrknesøy kapell

vart bygt i 1972. Arkitekt Johan Tveit. Byggmeistrar Odd Ånneland og Marschall Unneland. Altartavle frå 1911 måla av Wilhelm Bjørknes. Anna inventar og utstyr frå byggjeåret eller seinare. Kapellet fekk ei kyrkjeklokke som takk for innsatsen ved berging etter forliset til skipet «Austri» i 1979 - sjå: Ulukker i Gulen.

Byrknesøy kapell og Byrknes skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Byrknesøy kapell og Byrknes skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tidlegare kyrkjestader

På det som truleg var den gamle Gulating-staden på Flolid, nemner prost Niels Griis Alstrup Dahl at det skal ha lege ei kyrkje i mellomalderen. Dette kan vere same kyrkja som er nemnt i Håkon Håkonsson saga, der det heiter at kongen bygde ei kyrkje på Guløy, ei halvøy som ligg like ved Flolid. Lokalkjende meiner at omgrepet Guløy ikkje berre femde om halvøya, men om eit vidare område der også Flolid var med. Dahl nemner også kyrkjer på Hauge og på Nesstranda.

Kyrkjøy, der det var ei kyrkje eller eit kapell i mellomalderen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kyrkjøy, der det var ei kyrkje eller eit kapell i mellomalderen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fleire kyrkjer og kapell

Truleg har det lege ei kyrkje på Asheim aust for Risnefjorden, og eit kapell på garden Ynnesdal. På Kyrkjøy på Rutletangane har det i mellomalderen lege ei kyrkje eller kapell. M.a. i 1350 er den nemnt som «Rutzla kirika». Kyrkja målte 11 x 6,6 meter. Like ved kyrkja var det ei gamal jektehamn, og frå 1746 og ein kort periode var her gjestgiveri. Ei segn fortel om eit brurefylgje som drukna i Brosvikvatnet på veg frå Dingja til Kyrkjøy. På stille dagar kan ein framleis sjå brurekruna blenkje på botnen!

Menighetshus for pinsevenene

I 1949 vart det stifta ei pinseven-menighet i bygdene kring Brandangersundet, og i 1954 bygde pinsevenene eige forsamlingshus - Betania - i Fivelsdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010