Kyrkjer i Hyllestad

Bø kyrkje ved Leirvik er ei av tre kyrkjer i Hyllestad kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Hyllestad kyrkje
vart bygd i 1880. Arkitekt var H. Nissen og byggmeister John Alvær.

Altartavla i Hyllestad kyrkje.
Øn kyrkje
Dagens kyrkje i Sørbøvåg vart bygd i 1958 etter at gamlekyrkja brann ned i 1940. Arkitekt Ole Halvorsen, byggmeister Ivar Fleten.
Bø kyrkje
ved Leirvik vart bygd i 1868. Arkitekt J.W. Nordan, byggmeister John Alver.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 12.11.2009