Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Solund

Husøy kyrkje i Straumen på Ytre Sula. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Husøy kyrkje i Straumen på Ytre Sula. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Utvær kapell

Utvær kapell er nemnt på 1300-talet, og sto truleg frå 1100 til 1717. Utvær ligg ca. 8 km ute i havet vest for dei store øyane i Sula, og er det vestlegaste busette øysamfunnet i Noreg. I 2002 er det ein fastbuande.

Avduking av minnestein på kyrkjegarden på Utvær i 1981. Foto: Magne Hamre.

Avduking av minnestein på kyrkjegarden på Utvær i 1981. Foto: Magne Hamre.

Kapellet var 14 x 6,3 meter og skulle vere vigd til St. Clemens, dei sjøfarande sin skytshelgen. Kapellet vart plyndra av engelske sjørøvarar i 1667 (sjå Sjørøvarane på Nautøy). Kapellet vart rigga ned og flytta inn til Husøy i 1718. Husøy kapell låg vest for Straumsfjorden, på Husøy.

Utvær hadde eige kapell fram til 1718. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Utvær hadde eige kapell fram til 1718. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lågøy kapell

er nemnt i skriftlege kjelder i 1291.

Kyrkja på Losna

Ein av dei mektigaste familiane i Noreg på 1300-1400 talet, Losna-ætta, hadde kyrkje på Losna lengst aust i øykommunen Solund. Kyrkja vart nedlagd mellom 1360 og 1585.

Solund kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund kyrkje

på Hardbakke vart bygd i 1860.

Hersvik kyrkje

vart bygd i 1891.

Husøy kyrkje

i Straumen vart bygd i 1896.

Kyrkjegardar og jordmangel

Etter folkesetnad har Solund kommune uvanleg mange gravplassar. I alt er det registrert sju gravplassar. Fire av dei er framleis i bruk. Forklaringa på dei mange gravplassane kan vere at det einskilde stader er sparsamt med djup jord i det steinete landskapet. Einskilde stadar måtte ein føre jord frå andre stader når ein skulle stelle til ein gravplass. Det var m.a. tilfelle ved Husøy kyrkje, der ein frakta jord frå Hågøy og nokre småholmar før kyrkjegarden var ”djup nok” til å kunne brukast til jordfesting.

Kyrkjegarden på Husøy (som ligg på øya Husøy og ikkje ved Husøy kyrkje). Foto: Magne Hamre.

Kyrkjegarden på Husøy (som ligg på øya Husøy og ikkje ved Husøy kyrkje). Foto: Magne Hamre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2012