Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Vik

Hopperstad stavkyrkje er største turistattraksjonen blant kyrkjene i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hopperstad stavkyrkje er største turistattraksjonen blant kyrkjene i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hove-madonnaen som er utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hove-madonnaen som er utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hopperstad stavkyrkje

vart bygd kring 1130. Restaurert/ombygd i åra fram til 1891. Den opphavelege stavkyrkja på Hopperstad var eit langt enklare bygg utvendes enn slik det framstår i dag. Det eineståande interiøret og mykje av inventaret er bevart i sin opphavelege stand.

Hove steinkyrkje

Denne kyrkja skal vere den eldste steinkyrkja i Sogn og Fjordane. Den gullforgylte Madonna med barnet frå Hove-kyrkja er eitt av dei vakraste og best bevarte kunstykka frå norsk mellomalder.

Vangsnes kyrkje

vart bygd i 1861.

Feios kyrkje

vart bygd i 1866. Då vart ei stavkyrkje frå 1200-talet riven for å gje plass til nyekyrkja.

Vik kyrkje på Tenold. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik kyrkje på Tenold. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik kyrkje

vart bygd i 1877. Arkitekt var H. Thorsen og byggmeister Ole O. Vanberg.

Fresvik kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arnafjord kyrkje

vart bygd i 1880. På Flete i Framfjorden stod ei stavkyrkje i tida ca. 1300-talet til 1645. I 1645 vart det bygd kyrkje på Nese, som vart avløyst av noverande kyrkje i 1880.

Fresvik kyrkje

vart bygd i 1881. Ei stavkyrkje frå 1100-talet vart riven for å gje plass til nyekyrkja i 1881. Kyrkjelyden i Fresvik var ein av dei første i fylket som innførte nynorske salmar. Frå den gamle stavkyrkja er det teke vare på nokre av dei finaste skattane frå norsk mellomalderkunst.

Vik prestegard på muséum

Den gamle prestegarden frå Vik kan du i dag sjå på De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.06.2011