Hopp til innhold
X
Innhald

Mellomalderkyrkja i Sogn og Fjordane

Hopperstad stavkyrkje var fjordungskyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hopperstad stavkyrkje var fjordungskyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I mellomalderen fanst det i alt 92 kyrkjer i fylket: 24 kyrkjer og kapell i Nordfjord, 21 i Sunnfjord, 35 i indre Sogn og 12 i ytre Sogn. Kyrkjene hadde ulik status. Øvst trona dei såkalla «fjordungskyrkjene».

Øvst trona dei såkalla fjordungskyrkjene, som låg på Nordfjordeid, Vereide, Bru (Svanøy), Askvoll, Hopperstad i Vik, Rygg i Aurland, Tønjum i Lærdal og Stedje i Sogndal.

Privatfolk bygde og eigde kyrkjene

Desse kyrkjene måtte m.a. betale større tiend (avgift til bispestolen) enn dei andre kyrkjene. Men utover at presten i Stedje hadde ein slags formyndarfunksjon for omkringliggjande sokn, veit ein lite om fjordungskyrkjene si rolle i det lokale kyrkjehierarkiet.

Privatfolk bygde og eigde kyrkjene

I tidleg mellomalder vart det bygt ei mengd kyrkjer kring om i bygdene. Kyrkjene vart bygde av privatfolk, og oftast var dei meint å tene som reine private kapell for storbonden sjølv. Men dei fleste av desse kyrkjene gjekk med tida over til å fungere som vanlege soknekyrkjer for ålmenta. I mellomalderen vert desse kyrkjene difor nemnde som soknekyrkjer.

Men langt fram på 1800-talet var kyrkjene framleis eigde av ein eller fleire privatfolk som fekk tiendeinntektene frå dei.

Høgendeskyrkjer

Den «lågaste» gruppa mellomalderkyrkjer vart kalla «høgendeskyrkjer». Desse tente antan som reine private kapell, eller låg slik til at dei berre tente som kapell under prestar i andre kyrkjer.

Eit godt døme på ei høgendeskyrkje finn ein i Vik, der Hopperstad stavkyrkje både var fjordungskyrkje og soknekyrkje, medan Hove steinkyrkje, berre ein knapp kilometer unna, var privatkapell og «høgendeskyrkje».

Hove steinkyrkje i Vik var privatkapell og høgendeskyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hove steinkyrkje i Vik var privatkapell og høgendeskyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Organisering av prestegjeld og prosti

Den store bylle- og lungepesten som vert kalla Svartedauden, herja landet frå 1349. Berre ein tredjedel av det norske folket overlevde. Prestane var like dødelege som andre, og i mangel på prestar, vart dei attlevande sette til teneste i fleire kyrkjer i distriktet.

Dette var opphavet til det som etter reformasjonen i 1536 fekk fastare organisering i prestegjeld. Frå same tid fekk vi inn eit regionalt ledd som vart kalla prosti.

Denne organiseringa med bispedøme, prosti og prestegjeld har halde seg fram til i dag, medan grensene for både bispedøme, prosti og prestegjeld har vore endra fram gjennom åra.

Les meir om Den norske kyrkja - Statskyrkja.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015